Kirurg fekk millionerstatning etter at ho fekk nakkesleng under operasjon
Ein kirurg meiner ho fekk nakkesleng medan ho hofteopererte og vann fram med millionkrav, skriv rett24.
Arbeidsulykka skjedde på Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen i 2018.
Under operasjonen sette drillen seg fast i hoftebeinet til pasienten, slik at handtaket snurra rundt og trefte kirurgen i nakken.
Sidan ulykka fekk kirurgen innvilga 100 prosent uførepensjon, der 50 prosent av dette er for yrkesskade.
Kvinna vann ikkje fram med at ho har PTSD grunna uhellet, men er tilkjent 70.000 kroner i ménerstatning, 5,6 millionar kroner i tapt inntekt og 1,5 millionar i framtidig inntektstap, i tillegg til sakskostnader på 866.000 kroner.
DNBs prosessfullmektig Rune Tveit seier til rett24 at klienten ikkje har tatt stilling til om dommen skal ankast.