Hopp til innhold

Kinosuksess for «Hjelp, vi er russ»

Trass elendige kritikkar i forkant av premieren, har komedien «Hjelp, vi er russ!» fått ein hjerteleg velkomst av publikum. Filmen er akkurat no den tredje mest besøkte kinofilmen i Norge.

Innspeling av Hjelp, vi er russ!

INNSPELING: Russefilmen er spelt inn i Bremanger og byr på både puppar, lår, banning, glede, romantikk og action.

Foto: Carsten Aniksdal

For manusforfattar og regissør Kenneth Olaf Hjellum er det strålande nyhende.

- Det varmar hjertet mitt! Vi lagde ikkje filmen for at kritikarane skulle elske oss, men for at publikum forhåpentlegvis skulle gjere det, seier Hjellum til NRK.no.

Russefilm frå Bremanger

Komedien «Hjelp, vi er russ!» er kort og godt ei historie om russelivets opp og nedturar.

Sjølv om både lensmannen og rektoren i bygda har skumle planar om å øydelegge for russefeiringa, let ikkje avgangselevane seg stogge.Dei legg ut på ein tur dei seint skal gløyme.

Filmen er spelt inn i Bremanger, og inneheld både slåssing, russefyll og topplause jenter. Alt dette og store namn som Kristoffer Joner og Are Kalvø klarte likevel ikkje imponere filmmeldarane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Premiere i Bremanger

HEIMEBANE: Då filmen 'Hjelp, Vi er russ!' hadde premiere i Bremanger var det stor jubel og full kinosal.

Foto: Geir Nybø/Bremanger Budstikke

Slakta av kritikarane

Både VG Nett og NRK Filmpolitiet sine meldarar slakta filmen fullstendig. Begge trilla ein einar på terningen, og sa at filmen rett og slett ikkje fortente meir.

”Det er så dårlig at det nesten er morsomt. Men bare nesten, dessverre”, skreiv Jon Selås i VG.

Han skildra filmen som fullstendig nedslåande og kalla den både energilaus, poenglaus og hjelpelaus vildrande.

”Uansett vil denne filmen kreve minst en halv kasse øl pr. publikummer for å fremstå morsom. Jeg var, dessverre, edru ved påsyn”.

«Elska» av publikum

Kenneth Olaf Hjellum

NØGD: Regissør Kenneth Olaf Hjellum er godt nøgd med besøkstala.

Foto: Ingvild Ulset

Men kinopublikummarane har ikkje lete seg skremme av dei elendige kritikkane.

Filmen kom på kino før helga og har i løpet av få dagar hatt over 8600 besøkande. Det gjer at dei no ligg på tredjeplass over dei mest sette filmane på norsk kino.

- Det er nok ofte slik at filmane som kritikarane ikkje likar, er godt likt hos publikum. Det skjer også for oss, og det er vi veldig godt nøgde med, seier Hjellum til NRK.no.

Hjellum presiserer at han ikkje vil starte ein krig med kritikarane, men meiner mange filmmeldarar generelt er kritiske til norsk film om dagen.

- Det har vore store diskusjonar om at det vert produsert for mykje norsk film, og at dei difor vil ete opp publikummet frå kvarandre. Men det er eg usamd i, seier Hjellum.

- Dårlege kritikkar vert lagt merke til

Torfinn Borkus som er filmmeldar i Filmpolitiet i NRK slakta også filmen etter premieren.

Han trur terningkast éin freistar publikum på ein anna måte enn ein trear.

- Utan at eg har noko statistikk så trur eg at filmar som får terningkast ein eller seks har ein liknande effekt på folk som leser kritikkane, nemleg at filmen gjer eit inntrykk, seier Borkhus.

- Det var dette dei hadde håpa på

I både teaseren til filmen og i mykje av omtalen av filmen har publikum fått servert bilete av topplause ungjenter og generelt ungdomsfyll.

Regissøren trur ikkje det er dette åleine som har freista publikum, men Borkhus trur ikkje dette akkurat har vore negativt.

- «Hjelp, vi er russ!» har nok aldri hatt ambisjon om høgre terningkast enn to. Det ville øydelagt statusen som kult- og bad taste film, i tillegg til biletet av ein film som er elska av publikum og hata av kritikarane, seier Borkhus.