Kinn kyrkje på øya Kinn utanfor Florø vart bygd for kring 900 år sidan og inneheld uvurderlege kulturskattar. Men dei siste åra har kyrkja nærmast stått til forfall, og no er det rett og slett blitt farleg å ferdast der, seier Seim.
- Ekstremt fuktig
Utvendig er det verst at taksteinane fell ned, slik at det blir opne hol i taket. Det gjer at det blir ekstremt fuktig inne i kyrkja. I fjor målte vi ein luftfuktigheit på 99 prosent. På veggene inne i kyrkja dett kalkpussen av, seier Gry Seim.
- Reparerer i feil rekkjefylgje
Akkurat no er ekspertar på plass for å reparere den skadde altertavla og andre gjenstandar frå 1600-talet. Men taket burde vere det første som vart fiksa, meiner kyrkjetenaren. - Det er flott at dei kjem og reparerer altertavla, men kanskje burde ting vore gjort i ei anna rekkjefylgje. No risikerer vi at fukt kan øydeleggje det dei har reparert. I verste fall kan arbeidet vere bortkasta, seier Gry Seim.
- Hastar verkeleg
For dei som kjenner historia til kyrkja er det trist å vere vitne til forfallet. - Det hastar verkeleg med å få pengar til å ta ned taksteinen og få lagt nytt tak, seier kyrkjetenaren.
- Pengane er øyremerkte altertavla
Kyrkjeleg Fellesråd er samd i at noko må gjerast med skadene på Kinn kyrkje. Men dagleg leiar i Kinn Kyrkjeleg Fellesråd, Kurt Rylandsholm, seier problemet er manglande økonomiske løyvingar, og at dei ikkje kan utbetre taket så lenge løyvingane frå Riksantikvaren er øyremerkte oppussing av altertavla.
Etterlyser pengar frå kommunen
Det er den Norske Kyrkja saman med Riksantikvaren som eig Kinn Kyrkje. Men Rylansholm seier Kyrkja ikkje løyver pengar til slike formål. Han etterlyser pengar frå Flora kommune.