Hopp til innhold

Her overleverer Kim Friele 50 år med skeiv historie

I 50 år har ho samla dokumentasjon om den norske homokampen. Tysdag overrekte Kim Friele heile arkivet sitt til Universitet i Bergen.

Kim Friele overrekkjer arkivet sitt

OVERREKKING: Frå i dag av er Kim Friele sitt arkiv Universitet i Bergen sin eigedom. Ambisjonen er å bygga opp eit skeivt arkiv ved universitetet. Til venstre: Rektor Sigmund Grønmo. Til høgre: Biblioteksdirektør Ole. G. Evensen.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Eg kjem nok til å gråta ein skvett når dei kjem og hentar arkivet reint fysisk, sa Kim Friele til NRK.no, etter at ho tysdag overrekte heile det rikhaldige arkivet ho har samla saman gjennom 50 år med kamp for homofile sine rettar.

Arkivet inneheldt ei rekkje sakspapir om lovendringar, dokument frå tida i Det norske forbundet av 1948, filmar, fotografi og artiklar.

– Dette har vorte ein del av meg, men eg synst det er riktig at det kjem tilbake til Universitetet i Bergen der kampen starta, seier bergensaren som i dag bur på Geilo.

Kim Friele overrekte tysdag det private arkivet ho har samla saman gjennom 50 års kamkamp for rettane til homofile og lesbiske. Frå no av vert arkivet Universitet i Bergen sin eigedom.

Video: Kim Friele overrekkjer den materielle delen av livsverket sitt til Universitet i Bergen.

– Nasjonalt viktig

– Det er ei nasjonal viktig oppgåve me har fått, når me skal ta vare på og vidareformidla denne dokumentasjonen, seier avtroppande universitetsrektor ved Universitet i Bergen Sigmund Grønmo.

Materialet skal danna grunnstammen i Skeivt arkiv, eir nytt arkiv som skal gjera historia til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt) tilgjengeleg for studentar, forsking og folk flest.

Arkivet vert sett på som den viktigaste samlinga av dokumentasjon av lhbt-kampen her til lands.

– Det er veldig gledeleg og ei stor ære at me har fått denne oppgåva, seier Grønmo.

Frå avkriminalisering til ekteskapslova

Førebels vêr arkivet seg i bustaden til Friele på Geilo. Først i september vert det flytta til Bergen.

– Det handlar om alt frå avkriminaliseringa, til at sjukdomsdiagnosen forsvann, til at me vart inkludert i rasismeparagrafen og etter kvart ekteskapslova som dei unge har vorte så glade i, seier 78-åringen som har vore med på heile prosessen.

Overrekkinga forpliktar. No er det universitet som skal overta formidlingsjobben Kim Friele har fronta i mange år.

– No har eg gitt streng beskjed på at eg ikkje lengre er orakelet i Delfi. No er det universitetet som må ta over.

Universitetsrektor Sigmund Grønmo og Kim Friele fortel om arkivet Friele no overrekkjer Universitet i Bergen.

Video: Universitetsrektor Sigmund Grønmo og Kim Friele fortel om arkivet homoaktivisten overleverer til Universitet i Bergen.