– Me må sjå på nye moglegheiter for å få i oss berekraftig protein som er produsert i Noreg, seier Kia Luzula Vejrup.
Ho har starta verksemda Larvegodt, der ho sel larvar som ingrediens til mat eller som snadder.
26-åringen har lenge sett etter ein moglegheit til å bruka insektprotein i mat, og å kunne introdusere det til Noreg si befolkning. Ho greip sjansen til å starte elevbedrift ved Sogn Jord- og Hagebruksskule då ho fekk moglegheita.
– Då tenkte eg «no har endeleg tida for larvene kome!», gliser Vejrup.
Verksemda går marginalt i pluss, men ho har førebels ikkje tent seg rik.
LARVAR: Kia Luzula Vejrup viser fram ei lita skål med larvar.
Foto: Linn Haug Eide / NRKFramleis skepsis i befolkninga
Seniorforskar ved Nofima, Paula Varela-Tomasco har doktorgrad i matvitskap- og teknologi, og viser til ei undersøking av det norske folk gjort for eit par år sidan.
SKEPSIS: Seniorforskar Paula Varela-Tomasco ser potensial i insektprotein, men er usikker på om folk er villige til å ete det.
Foto: JON-ARE BERG-JACOBSEN / JON-ARE BERG-JACOBSENOm lag halvparten av respondentane var enten svært eller i noko grad negativ til å eta insekt. 34 prosent sa at dei kunne vera villige til å prøva det.
– Insekt, og spesielt larvar, er ein god kjelde til ernæring og protein i mange land. Larvar er ikkje skadeleg, med mindre veksten er forbunden med bakteriar og muggvekst. Sjølv om insekt er eit «nei-nei» for mange forbrukarar, er andre nysgjerrige, seier Varela-Tomasco.
TV-aktuell i haust
Kia er for tida aktuell i TV-serien «Masterchef Norge». Der vakte ho oppsikt ved å servera testiklar frå sau som sin debutrett. Ho grunngjev det litt spesielle valet av gourmet-rett ved at ein må bruka alle delar av dyret når ein har slakta det. Berekraftig matproduksjon er hjørnesteinen i hennar engasjement.
SER MOT FRAMTIDA: TV-kokk Lise Finckenhagen utelukkar ikkje at det kan bli ein suksess.
Foto: Terje Bendiksby / NTBKokk og Masterchef-dommar Lise Finckenhagen seier det står att litt før larvar står på menyen hennar, men trur det kan slå an i framtida.
– Eg trur det kan bli trendy. Plutseleg får jo nokre råvarer ein oppsving på grunn av at nokon har veldig trua, forklarer Finckenhagen.
Berekraftig
Larvar har eit svært lågt klimaavtrykk, og krev mykje mindre vatn og areal enn til dømes storfe og kylling. Varela-Tomasco legg vekt på at me har behov for meir berekraftig protein i framtida, og at insekt kan definitivt vera ein del av det.
– Det er forskjell på å eta insekt som eit gastronomisk eksperiment og å innføra det i matvegen, fortel seniorforskaren.
FREISTANDE?: Ei skål med potetmos og larvar
Foto: Lidvard Sandven / NRKNår det kjem til det økonomiske aspektet ved verksemda, understrekar Kia Luzula Vejrup at ho er meir idealist enn ho er forretningskvinne.
– Eg er idealist, så no i byrjinga har eg mest fokus på å spreie informasjon om det, og å eksponere folk for det. Eg er overtydd om at det er økonomi i det, men me må berre få folk til å eta det først, seier ho.
Kia dyrkar, sel og et larvar i håp om å tilføra meir kortreist protein inn i det norske kosthaldet.