Hopp til innhold

- Må eit under til om vi skal halde oss i divisjonen

Sognelaget leia den avgjerande kampen heilt inn i siste speleminutt, men den dramatiske kampen enda til slutt 1–1.

Andrea Hopen scora sitt første mål i 1.divisjon, men måtte gå av bana skuffa etter tap.

SKUFFA MÅLSCORAR: Andrea Hopen måtte gå særs skuffa av bana etter uavgjort mot Grei, trass i at ho scora sitt første mål i divisjonen.

Foto: Inge Kjell Holme

– Eg kan ikkje skildre kor skuffa eg er. Det var verkeleg ufortent. Marginane gjer at vi slepp inn mål på slutten, og vi har fleire stolpeskot, seier Andrea Hopen, tydeleg prega over resultatet etter den viktige kampen.

Damene frå Kaupanger var best på bana, og Hopen sette inn det viktige målet etter 54. minutt. Etter det hadde heimelaget også fleire skot i stolpen, men på overtid klarte gjestane frå Grei å sette ballen i mål bak Kaupanger si målvakt.

– Vi har lagt ned så mykje innsats i det, og jobba hardt. Vi hadde verkeleg fortent å lukkast her, seier Hopen, som scora sitt første mål i 1. divisjon.

Ser mørkt på siste og avgjerande kamp

Laurdagens kamp var viktig, for med siger hadde laget vore eit lite steg nærare fornya 1.-divisjonskontrakt. Etter at også Åsane spelte uavgjort i ettermiddag, ligg Kaupanger tre poeng bak Åsane, og dermed blir sesongens siste kamp avgjerande for framtida til begge desse laga. Åsane ligg med sin 20 poeng tre poeng føre Kaupanger, med ein kamp att å spele.

I sesongavslutninga møter Kaupanger den suverene serieleiaren Sandviken. Dei har allereie seriegullet i si hole hand, med ein margin på 20 poeng. Skal Kaupanger klare seg i serien må dei vinne kampen mot Bergenslaget på bortebane.

– Det er vel meir elle mindre usannsynleg. Det må eit under til om vi skal ta dei på bortebane, trur Hopen.

Marit Fiskvik har vore eit viktig bidra til Kaupanger og trenar Per Are Verlo sitt lag.

AVGJERANDE: Kampen mot Sandviken blir vinn eller forsvinn i 1. divisjon for Marit Fiskvik og trenar Per Are Verlo.

Foto: Inge Kjell Holme

Håp i hengande snøre

Like pessimistisk er derimot ikkje trenaren.

– Så lenge det er matematisk mogleg, så går alt. Vi må sjølvsagt ha ein topp dag, det er soleklart. Og så treng vi draghjelp frå Fart, som må slå Åsane, seier trenar Per Are Verlo.

Han trur det er lite laget kunne gjort annleis under laurdagens kamp for å sikre sigeren, og innrømmer at det er ekstra bittert å tape på overtid.

– Vi ville ikkje legge oss ned og kontrollere etter 1-0, men møtte dei høgt på bana og valde å gå for 2-0, for det er målskilnad inne det store biletet også, seier Verlo.

No rettar han og laget, som i år har hatt fleire sentrale spelarar ute med skade over lang tid, og først fått forsterka troppane på haustsesongen, alle krefter inn mot den skjebnesvangre kampen mot Sandviken.

Kaupanger er inne i ein formtopp, og har berre eit tap på dei siste seks kampane, og dei har teke dei siste 13 av 18 moglege poeng. Likevel blir det nok ein tøff kamp som ventar i Bergen om ei veke.

– Korleis vi skal klare å vinne? Det er 1000-kronersspørsmålet. Vi skal bruke veka på trening og legge ein slagplan, så får vi gjere så godt som vi kan, seier Verlo.