Hopp til innhold

Dette laget leiar tabellen – men manglar sjølvtillit

KAUPANGER – ARNA BJØRNAR 2: 0-1: Godkjensla er som blåst vekk i Kaupanger sitt damelag. Etter ein sterk vårsesong leiar laget framleis tabellen, men no må ting snu, seier kapteinen.

Kaupanger sitt damelag i aksjon, kamp mot Fana på heimebane i august
Foto: Kaupanger Fotball

– Vi er nøydde til å få opp sjølvtilliten, viljen og trua. Skal vi klare førsteplassen må ting snu, konstaterer kaptein Tea Berteig på Kaupanger.

Sogn og Fjordane sitt beste lag på kvinnesida fekk den surast tenkelege avslutninga på fjorårssesongen, då dei tapte den avgjerande kampen mot Hinna. Dermed var det ikkje opprykkskvalik.

Sogningane har satsa tungt på å få det til i år. Med åtte kampar att av sesongen leiar laget tabellen, men det kan dei berre takke sterke sigrar på vårsesongen for. Dei siste vekene har det blitt fleire tap og uavgjort mot lag som litt i motsett ende av tabellen.

– Det buttar imot, og det har vi ikkje mykje trening i, vedgår kaptein Berteig.

– Ei mental påkjenning

Kaupanger fekk ein draumestart på årets sesong med 5–0 siger over Fana og 4–0 siger over Sandviken 2. Med eit mål for auge – opprykk – har damene i Sogn feia over det meste av motstand.

Verken Berteig eller trenar Øystein Lindesteg Rinde har noko forklaring på kva som har gått gale dei siste kampane.

– Vi bommar og bommar, som vi har gjort dei siste vekene og tapar nok ein gong på heimebane, seier ein tydeleg skuffa trenar.

Han seier dei har mista fire spelarar sidan vårsesongen, men at dei framleis dominerer såpass i kvar kamp at dei burde ha vunne kampar som den i dag.

– Det blir ei mental påkjenning. Vi føler vi gjer alt, vi har gode treningar og står på, og så kjem vi på kamp og det blir stong ut. Vi har ti og femten sjansar, og bommar på alt. Då set det seg litt i hovudet.

– Utan trua kan vi berre gje opp

Verken trenaren eller spelarane har tenkt å legge inn årene. Med to poeng ned til Fyllingsdalen, og fem poeng ned til Haugar er det mykje som kan endre seg på dei siste åtte kampane.

– Eg har trua, så lenge det er matematisk mogleg for oss å vinne serien og komme i kvalik, men sjølvsagt må vi begynne å vinne kampar att, seier Lindesteg Rinde.

Kaptein Tea Berteig legg ikkje skjul på at det er tungt å halde motet oppe både på trening og kamp om dagen.

– Har du trua på at de kan finne att godkjensla frå i vår?

– Ja. Utan trua kan vi jo berre gje opp, så trua må vi ha!