Hopp til innhold

Katten Timba må amputere beinet etter å ha blitt skoten

Katten Timba må greie seg på tre bein etter å ha blitt skoten i låret. – Eg blir ordlaus, seier katteeigaren.

Katten Timba

MÅ AMPUTERE: Katten Timba på amputere det skadde beinet. Ein av dyrlegane som har vurdert skaden seier det er bein- og ammunisjonsfragment i heile låret.

Foto: PRIVAT / SOGN DYREKLINIKK

– Eg blir lei meg, sint, forbanna, seier Beate Green.

Søndag fekk ho ein telefon frå naboen i Lånefjorden i Høyanger. Sonen til naboen hadde funne katten Timba i graset og skjønt at noko var gale.

– Dei såg at beinet berre hang på han, fortel Green, som også er leiar i Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane.

Dei trudde først at katten hadde vorte påkøyrt, men etter å ha undersøkt han fann dei sår på låret til katten. Det viste seg å vere sår frå eit skot.

Beate Green

SETT UT: Beate Green seier ho blei sett ut og ordlaus då ho forstod at nokon hadde skote på katten hennar.

Foto: PRIVAT

– Eg blir litt sett ut og ordlaus, seier Green.

Eksplosjon

Ingjerd Leirstein Bøkenes er veterinær og dagleg leiar ved Sogn Dyreklinikk. Ho har sett på røntgenbileta av katten og skal behandle den vidare. Ho stadfestar at katten har skotskadar.

– Eg kunne med ein gong sjå at det ikkje dreier seg om påkøyrsel av ein bil. Lårbeinet såg ut som det hadde vore i ein eksplosjon, seier Bøkenes.

– Det var beinfragment overalt i låret. I tillegg såg eg at det også var ammunisjonsfragment. Vi kunne også sjå inngangsåret og utgangssåret, fortel ho.

Ikkje eingongstilfelle

Tidlegare i år var det ei liknande sak i Trøndelag.

Bøkenes seier ho blir matt over hendinga i Høyanger og meiner tilfelle som dette må bli slått hardt ned på. Det er ikkje ofte klinikken får inn kattar med skotskadar, men det er heller ikkje eit eingongstilfelle.

– For ikkje så lenge sidan hadde vi ei tilsvarande historie. Ein katt som hadde levd ute og blei fanga, viste seg å ha ein gammal skotskade og hadde ein ubrukeleg fot, fortel ho.

Strenge krav

Dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Norge, Åshild Roaldset, seier dei ser at mange kattar blir mishandla og skotne på.

– Det er strenge krav til avliving av katt, men det kan sjå ut som om nokon trur det er greitt å skyte kattar, seier Roaldset.

Ho meiner det er viktig at politiet og domstolane greier å skilje mellom dyremishandling med døden til følgje og avliving.

– Avliving skal skje utan frykt og smerte, skyting av katt på avstand er ikkje avliving, men eit grovt brot på dyrevelferdslova som må straffast.

Blir meld til politiet

Ifølgje Dyrevelferdsloven skal dyr behandlast godt og beskyttast mot fare for unødige påkjenningar og belastningar. Mistenker ein at dyr har vorte mishandla eller utsette for alvorleg svikt, skal politiet eller Mattilsynet varslast.

Beate Green vil melde saka til politiet.

Katten Timba må amputere det skadde beinet. Skadane er for store til at beinet kan reddast, fortel dyrlegen.

– Katten vil kunne få eit normalt liv på tre føter, men det er likevel så unødvendig å utsette dyr for ein så stor operasjon og rehabilitering, seier ho.

No går han på smertestillande og har det etter forholda bra.

– Han er begynt å finne løysingar på korleis han skal få til ting. Han vil nok klare seg bra, og er seg sjølv – heldigvis, seier Green.