– Det var ein familie som fann katten på Byrkjelo, seier Bettina Astor som er fylkesleiar Dyrebeskyttelsen.
Katten har vore til dyrlækjar i Førde, der det vart funne tre luftgeværkuler, to i hovudet, og eitt i eine foten. Såra var grodde, så mykje tyder på at katten har gått med kulene i kroppen lenge.
– Dette har vore smertefullt for katten, og den har og utvikla store infeksjonar i såra, seier Astor. Etter alt å døme hadde den kome til å dauda etter langvarige lidingar om den ikkje hadde blitt funnen og teken hand om i dag.
Melder saka til politiet
STORE PLAGER: Katten har gått så lenge med skota i kroppen at såra er blitt betente.
Foto: Dyrebeskyttelsen– Dette er ikkje anna enn ei grotesk handling mot eit forsvarslaust dyr, seier Astor.
Saman med Veterinærkontoret i Førde kjem ho onsdag til å melde saka til politiet.
– Vi veit ikkje kva som har skjedd med katten, men det vi veit det er at dette er skot frå eit luftgevær som overhovudet ikkje er eigna til å avlive dyr med.
Andre gong i år
Dette er andre gong i år at Dyrbeskyttelsen i fylket kjem bort i slike saker.
– Det er ein aukande tendens over heile landet, ei skremmande utvikling. Berre i vårt fylke er det under 10 månader sidan vi førre gong melde ei tilsvarande sak i samarbeid med Flora Dyreklinikk.
Ho ber folk vere merksame på slikt faktisk kan skje i eige nabolag, og vere flinke til å melde frå.
ETTERLYSER EIGAR: Katten var funnen på Byrkjelo og Dyrebeskyttelsen etterlyser eigaren.
Foto: Dyrebeskyttelsen– Vi har alle hjelpeplikt. Dersom nokon har observert noko er vi særs interesserte i relevante opplysningar. Dyrebeskyttelsen etterlyser og eigar av katten, og ønskjer å rette ein takk til familien som tok katten med til Dyrebeskyttelsen, og dermed berga den.