Hopp til innhold

Katrine fekk skattesjokk

Katrine Grotle frå Førde heldt på å dette av stolen då ho opna brevet frå skatteoppkrevjaren i Førde.

Katrine Grotle

SKATTESJOKK: Katrine Grotle trudde først at verda gjekk under.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

For der stod det at ho skulle betale til saman 96.906 kroner. Halvparten, 48.953 kroner, skulle betalast innan 21. november. Og kravet kom svært overraskande, sidan ho i juni i år fekk att pengar på skatten for 2011.

– Før eg fekk summa meg litt trudde eg at no gjekk verda under. Men så gjekk eg inn på Altinn.no og sjekka. Då såg eg at det var kome inn melding både frå Bergen og Førde. I fjor budde eg mesteparten av tida i Bergen, og eg hadde meldt flytting dit.

(Artikkelen held fram under biletet).

Skattekrav til Katrine Grotle

INNAN 21. NOVEMBER: Halvparten av skattekravet til Katrine Grotle.

Kluss med bustadkommune

Og det er nettopp denne flyttinga som er medverkande årsak til at ho og 1500 andre i landet har fått krav om innbetaling av skatt til to kommunar. Skattedirektoratet har vidareført bustadkommunen til desse 1500 frå 2010 til 2011, sjølv om dei hadde flytta i mellomtida.

Jan Christian Sandberg

RETTAR NO FEILEN: Avdelingsdirektør Jan Christian Sandberg i Skattedirektoratet.

Foto: Skatteetaten

Avdelingsdirektør Jan Christian Sandberg i Skattedirektoratet seier dei no jobbar med å rette opp feilen.

– Desse skattytarane fekk eit rett skatteoppgjer tidlegare i år. Men då vi skulle rette opp feilen med bustadkommune fekk rundt 1500 personar eit nytt skatteoppgjer som vi ikkje skulle ha sendt ut.

– Godt eg var oppegåande

Katrine Grotle ringde til skatteoppkrevjaren i Førde dagen etter at ho hadde fått brevet og fekk fortalt kva ho hadde opplevd.

– Eg kom til ei veldig hyggeleg dame, og ho fortalde at det hadde skjedd ein feil ved at ein del personar hadde fått tilsendt dobbelt krav for 2011. Eg fekk vite at dei hadde liggande eit brev som dei skulle sende til meg om at eg ikkje trengde å betale desse nesten 100.000 kronene.

– Men uansett kom det vel godt med at du ikkje hadde dårleg hjarte?

– Ja, eg sa til dama at om eg ikkje hadde vore oppegåande og kom på at eg skulle sjekke på Altinn.no så hadde eg sikkert ikkje sove særleg mykje den natta før eg fekk kontakt med dei.