Mannen i 20-åra fekk sin 10. dom for under eitt år sidan og vart i november framstilt for varetektsfengsling for nye narkotikalovbrot. Førre helg vart han ferska igjen.
Det var med andre ord ein såkalla «kjenning» av politiet som med
.– Politiet la merke til at det var ulike registreringsskilt framme og bak på bilen. Slikt påkallar politiet si merksemd og gjorde at patruljen ville kontrollere bilen, fortel regionlensmann i Sunnfjord, Dag Fiske.
Kasta narkotika ut vindauge
Men mannen ville altså ikkje stogge frivillig. Etterforskingsarbeidet avslørte kvifor. Mannen er no fengsla, sikta for
med seg i bilen.ETTERFORSKAR: Regionlensmann Dag Fiske seier at politiet mistenkjer at mannen skulle selje narkotika til fleire personar.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRKEtter krasjen fann ein narkotikahund kring 100 gram hasj som mannen truleg kvitta seg med under flukta frå politiet.
– Patruljen observerte at det vi meiner er narkotika, vart kasta ut av vindauget. Det vart gjort søk og funn på eit avgrensa område, men vi ser ikkje vekk ifrå at vi ikkje har funne alt, seier Fiske.
Stogga narkohandel
Mannen har erkjent kjennskap til narkotikaen, men politiet meiner saka er større og meir alvorleg enn 100 gram.
Dei meiner at mannen, som har lokal tilknyting, allereie same kveld skulle selje narkotika til fleire personar i Sunnfjord.
– Vi er midt i etterforskinga, men har opplysningar som tilseier at han har selt i større omfang enn det han har tilstått. Vi mistenkjer fleire mottakarar, seier Fiske.
Fekk sin 10. dom
LEGESJEKK: Mannen i 20-åra var til legesjekk etter krasjen.
Foto: Oddleif Løset / NRK– Vi må gå igjennom ein del tekniske spor, som databeslag, som vart gjort under pågripinga. Vi må også følgje opp eventuelle mottakarar, legg Fiske til.
Mannen vart i juli i fjor dømd til 11 månader fengsel for 26 lovbrot, mellom anna tjuveri og narkotikalovbrot. Dette var hans 10. dom.
Då vart fem månader utsett med prøvetid på to år dersom han gjennomførte eit narkotikaprogram.
No må han sone
Allereie i november vart han på nytt pågripen for oppbevaring og sal av hasj. Mannen hevda han selde narkotika på vegner av ein mann han skulda pengar. Retten meinte då at varetektsfengsling ville vere uheldig for rehabiliteringa og sleppte han fri mot meldeplikt i fire veker.
Med mannen sin kriminelle historikk som bakteppe fekk politiet medhald då dei i førre veke bad om fire veker varetekt for mannen.
No kan mannen både vente seg ei lenger fengselsstraff.