Hopp til innhold

Seglem er forbanna på Spellemann

Karl Seglem meiner Spellemannsprisen for beste jazzplate er både umoderne og konservativ. Han er forbanna for at han ikkje fekk tildelt ein Spellemann på laurdag.

Karl Seglem klar for Spellemann

SKUFFA: Karl Seglem er skuffa over at det ikkje var han som fekk Spellemann i kategorien 'jazz.' Her går han den raude løparen saman med Jenny Skavland, Håkon Høgemo og Lars Jakob Rudjord.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Karl Seglem var denne gongen nominert for fjerde gong med albumet sitt «Som Spor» i kategorien «Jazz.» I forkant av Spellemannsprisane hadde Seglem sjølv store forventningar. Han uttalte til nrk.no at dette var hans beste plate noko sinne, og at han hadde takketalen klar før sending. Den fekk han ikkje bruk for. Vinnaren vart Marius Neset og Trondheim JazzOrchestra.

Seglem meiner prisen i kategorien «jazz» er både umoderne, gamaldags og konservativ.

–Eg meiner det ikkje var den beste plata som vann. No er det jo ikkje vits i å bli sur, men eg er faktisk litt forbanna. Eg spelar nok litt meir moderne musikk enn dei jazz-jazz folka i juryen likar, seier Karl Seglem.

Styreleiar i Spellemannsprisen, Marte Thorsby, seier det er ei anerkjenning å vere fem blant 60 nominerte. Ho seier at juryen vert byta kvart år, og er sett saman av fagfolk med god kompetanse innan sjangeren.

Vi legg vekt på at det er ein jury med variert jazzbakgrunn, nokre frå den meir tradisjonelle retninga, andre frå meir sjangeroverskridande retningar.

Karl Seglem presentert under Spellemann 2014

IKKJE PRIS: Denne presentasjonen av dei nominerte i kategorien 'jazz' var det næraste Karl Seglem kom scena under Spellemann 2014.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Bør vurdere juryordninga

I juryen for «jazz» deltok Bjørn Enoksen, Brynjar Rasmussen, Jørn Størkson, Kai Gustavsen, Kim André Rysstad, Rita Lovise Haugseggen og Tore Flesjø. Seglem er også kritisk til organiseringa av juryarbeidet der medlemene får tilsendt album som dei kvar for seg gir poeng, utan å møte kvarandre og utan å sjølv vite kven som vinn.

Hadde eg vore leiar for Spellemann hadde eg gått gjennom denne ordninga. Prisar der juryen samlast og diskuterer kven som skal vinne synst eg fungerer betre, seier Karl Seglem.

– Vi har i vårt reglement at jurymedlemmene skal vere ukjente for kvarandre. Dette har vi gjort for å gjere prosessen mest mogleg demokratisk ved at kvar enkelt stemme tel like mykje og ikkje vert farga av dei andre, svarar Thorsby.

Gi pris i færre kategoriar

Seglem meiner også at sjangerinndelinga i Spellemannsprisen bør vurderast.

–Musikarar jobbar ofte over fleire sjangrar, og er ikkje så opptatt av dette med sjangrar lenger. Det kan vere vanskeleg å bestemme kvar ein skal plassere eit album. Kanskje bør ein vurdere å gi pris i færre sjangrar, seier Seglem.

Men han let seg ikkje stoppe av manglande Spellemannspris.

–Eg jobbar vidare og skal halde fram med å lage god musikk. Trassen og motgangen i det å ikkje vinne for fjerde gong vil eg bruke til noko godt. Eg skal gi ut fleire plater i 2015, og kanskje blir ei av dei nominert til neste prisutdeling, avsluttar Seglem.