Hopp til innhold

Kåring: Grieg er tidenes hordalending

Edvard Grieg blei vinnaren av tidenes hordalending. Den verdskjende komponisten er personen vi er mest stolte av å vere frå same fylke som.

Edvard Grieg

VINNAREN: Ingen over, og ingen ved sidan av Edvard Grieg i NRK Hordaland si kåring av tidenes hordalending.

Innan tiåret og Hordaland fylke takkar for seg, har NRK Hordaland saman med publikum svart på spørsmålet: Kva person er vi mest stolte av å vere frå same fylke som?

I finalen stod det mellom Edvard Grieg, Olav H. Hauge og Shetlands-Larsen. Under morgonsendinga nyttårsaftan blei vinnaren kåra.

– Vinnaren er Edvard Grieg, mannen som sette Noreg på kartet og tonesette nasjonalromantikken. Han hadde ei ekstremt viktig rolle i bygginga av det norske, seier Morten Hammerborg, professor i historie ved Høgskulen på Vestlandet.

Grieg, som blei fødd i 15. juni 1843 i Bergen, har komponert fleire verdskjente verk som til dømes «A-mollkonserten», «I Dovregubbens hall» og «Morgenstemning».

Jury har vald ut kandidatar

For å finne ut kven personen vi er mest stolte av å vere frå same fylke som er, blei det sett saman ein jury. Den har bestått av følgjande personar:

  • Morten Hammerborg, professor i historie ved Høgskulen på Vestlandet
  • Erlend O. Nødtvedt, diktar og litteraturformidlar ved Bergen offentlege bibliotek
  • Dyveke Buanes, redaktør i NRK Hordaland
  • Elise Farestveit, programleiar i NRK Hordaland
  • Øyvor Bakke, programleiar i NRK Hordaland

Ei liste på over 100 namn blei vurdert, og juryen kom fram til 21 personar som skulle kjempe om å bli tidenes hordalending.

Kandidater til tidenes hordalending

DEI NOMINERTE: Øvste rad frå venstre: Wilhelm Christie, Sissel Kyrkjebø, Dorothe Engelbretsdotter, Ludvig Holberg, Trond Mohn, Georg Armauer Hansen, Torborg Nedreaas. I midten: Ingrid Espelid Hovig, Olav H. Hauge, Amalie Skram, Herborg Kråkevik, Jon Fosse, «Shetlands-Larsen». Nedste rad: Roald «Kniksen» Jensen, Magnus Lagabøte, Alexander Dale Oen, Kim Friele, Ivar Medaas, Edvard Grieg og I.C. Dahl. NRK fann ikkje arkivbilete eller måleri av Horda-Kåre (født år 870).

Foto: NRK/Scanpix/Reuters/Wiki Commons

Bli kjend med alle kandidatane i lydklipp nedst i saka.

– Uhøgtideleg, brutal kåring

I fem innleiande rundar blei fire og fire kandidatar presentert i morgonsendingane til NRK Hordaland. Kven av dei fire som gjekk vidare var opp til juryen og lyttarane.

– I Hordaland har ein kanskje ikkje hatt den store fylkeskjensla som dei for eksempel har i Sogn og Fjordane. Der er dei nok meir lei seg for at fylket blir historie. Her derimot identifiserer ein seg sjølv kanskje anten som til dømes nordhordlending, harding eller bergensar og ikkje fylkesmessig. Men så er det så utruleg mange bra namn på lista, så vi følte at ei slik kåring var på sin plass, seier redaktør Dyveke Buanes i NRK Hordaland.

Etter at stemmene på NRK Hordaland sin Instagram-story, tekstmeldingane og juryen si vurdering var lagt til grunn, gjekk Grieg til topps.

– Vi kan vel seie at det er ei uhøgtideleg kåring, og ei ganske brutal ei.

– Større enn seg sjølv

Komponisten var juryen sin favoritt.

– Grieg er blitt større enn seg sjølv på grunn av ideane han skapte i hovuda til folk om norsk natur som noko vakkert, og ikkje noko skummelt og farleg. Det inntrykket har festa seg. Korleis forståinga hadde vore utan Grieg kan vi ikkje tenke oss, seier Sølve Rydland, redaksjonssjef i NRK Hordaland.

– Grieg har sentral plass i kulturlivet. Går det an å førestille seg Festspillene i Bergen utan Grieg i forkant?, spør Hammerborg.

Morten Hammerborg, professor i historie ved Høgskulen på Vestlandet.

NØGD: Morten Hammerborg, professor i historie ved Høgskulen på Vestlandet, meiner Grieg er ein verdig vinnar.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Høyr om kandidatane

Ein kandidat frå kvar av dei innleiande rundane gjekk vidare til semifinale, saman med den beste toaren. Semifinalistane er markert i fet skrift.

1. runde del 1, Wilhelm Friman Koren Christie og Ingrid Espelid Hovig:

1. runde del 2, Torborg Nedreaas og I.C. Dahl:

2. runde del 1, Roald «Kniksen» Jensen og Kim Friele:

2. runde del 2, «Horda-Kåre» og Gerhard Armauer Hansen:

3. runde del 1, Edvard Grieg og Ludvig Holberg:

3. runde del 2, Sissel Kyrkjebø og Dorothe Engelbretsdatter:

4. runde del 1, Olav H. Hauge og Magnus Lagabøte:

4. runde del 2, Sissel Kyrkjebø og Dorothe Engelbretsdatter:

5. runde del 1, Shetlands-Larsen og Trond Mohn:

5. runde del 2, Amalie Skram, Ivar Medaas og Jon Fosse: