Hopp til innhold

Kari sin overgripar tilstod og gjekk fri – no kan lovene bli endra

Kari sin overgripar tilstod, men blei frikjend fordi overgrepa var forelda. No er hennar kamp mot foreldingsfristane i ferd med å bli krona med fleirtal for lovendring på Stortinget.

Overgrepsofferet Kari

VIL KJEMPE: Kari frå Tromsø blei utsett for overgrep då ho var på ferie i Sogn og Fjordane. No kjempar ho for rettferd for andre jenter og gutar i same situasjon.

Foto: Håkon Iversen / NRK

– Eg har stilt meg spørsmåla så mange gonger, kven er det desse foreldingsfristane eigentleg vernar om? Det er absolutt ikkje barna.

Det seier 28 år gamle Kari frå Tromsø.

Ho er ei av mange som har opplevd at overgrep blir lagt vekk fordi det har gått for lang tid frå det skjedde til det blir politimelde.

For framleis er det slik at seksuelle handlingar som ikkje er penetrering, har ein foreldingsfrist på inntil ti år.

– Vil gje rom for offera

Etter at ho stod fram i NRK på kvinnedagen 8. mars i fjor, har ho kjempa hardt for å få politikarane på bana for ei oppheving av foreldingsfristane.

– Det vil gje rom for offera til å stå opp for seg sjølv og kanskje vil få ei større tilfrisking innan psykisk helse fordi dei då blir høyrde, meiner Kari.

Frå før har Frp, SV og Raudt gått ope inn for å oppheve foreldingsfristane for seksuelle handlingar.

No følgjer Senterpartiet etter og programfestar at alle typar seksuelle overgrep skal kunne straffast, uavhengig kor lenge det er sidan dei skjedde.

– Sp sin politikk

I snitt går det 17 år frå eit overgrep skjer til det blir politimeld.

– Vi ser at overgrep ofte ikkje kjem fram i lyset før det har gått ei tid og før dei personane som det har blitt gjort overgrep mot er blitt vaksne. Då har ein gjerne ikkje moglegheit til å straffeforfølge og gje ofra den rettferda dei fortener.

Det seier stortingskandidat for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, Aleksander Øren Heen.

Han har vore med i programkomiteen som no har fått igjennom at partiet skal kjempe for å få oppheva.

– Det må ei lovendring til som Stortinget då må vedta. Men dette er no Senterpartiet sin politikk, slår han fast.

La vekk fleire saker

NRK har den siste tida sett fokus på ein mann frå Innlandet som i fjor blei dømt for valdtekter og overgrep mot i alt fem jenter.

Ei av dei var Stine Reksten frå Sunnfjord, som har fortalt si historie i NRK.

No opplyser politiet at dei også la vekk fleire andre saker mot mannen fordi dei var forelda. Det fortel etterforskingsleiar Helene Vabø i Vest politidistrikt.

– Gjennom vitneavhøyr har vi fått opplysningar om han skal ha opptredd seksuelt krenkande mot nokre jenter i Røde Kors i form av meldingar og kommentarar. Men desse var forelda, så det blei ikkje oppretta saker, skriv ho i ein e-post til NRK.

Overgrepsofferet Kari.

GIR IKKJE OPP: Kari frå Tromsø går no i bresjen for kampen for å få oppheva foreldingsfristane i saker om seksuell handling og saker frå før 2014 som handlar om seksuell omgang som blir forelda.

Foto: Håkon Iversen / NRK

Ap og H i ferd med å snu

Frida Melvær er stortingsrepresentant for Høgre og sit i justiskomiteen.

Ho og partiet har lenge meint at det var naudsynt med foreldingsfristar for å få offer til å melde frå før.

– Men no har vi vurdert spørsmålet inn mot programarbeidet vårt, og vi kjem til å legge inn eit forslag om at vi vil vurdere foreldingsfristen i fleire typar seksuallovbrot, seier Melvær.

Også Arbeidarpartiet er på gli i saka, og justispolitisk talsperson Lene Vågslid har sendt eit skriftleg spørsmål til justisministeren om saka.

Ho forventar at regjeringa vil kome til Stortinget med eit forslag om lovendring.

– Når den saka kjem, vil vi også vurdere om heile foreldingsfristen vil utgå, seier Vågslid.

Gir ikkje opp kampen

I Tromsø har det no gått eit år sidan Kari fortalde si historie om korleis ho som barn i Sogn og Fjordane blei utsett for overgrep.

Overgrep som ein mann tilstod, men som han aldri blei dømt for.

No er hennar draum at det blir eit snarleg fleirtal på Stortinget for oppheving av foreldingsfristane for alle typar seksuelle overgrep.

– Eg har ikkje tenkt å gi meg før denne kampen er vunnen, slår Kari fast.

Veit du noko eg bør vite?

Har du tips i denne eller andre saker? Ta kontakt, vi behandlar all informasjon konfidensielt.