Hopp til innhold

Elevar samla fem tusen underskrifter – no blir fleire skulelinjer redda

Fortvila skuleelevar fekk Leif Ove Andsnes med seg i kampen mot omfattande kutt i dei vidaregåande skulane i nye Vestland fylke. Onsdag blei kampen krona med siger.

Aliya Al-Mimi øver på musikklinjen på Voss gymnas

MOBILISERTE: Elevar stod i bresjen då lokalsamfunnet på Voss gjorde det dei kunne for å behalde linjene sine. Aliya Al-Mimi er ein av elevane som reagerer sterkt.

Foto: Paul-André Sommerfeldt / NRK

Det betyr at musikklinja på Voss og fleire andre trua studielinjer i Vestland no er redda.

– Dette blei eg glad for å lese. Veldig viktig for kulturlivet i regionen, seier Leif Ove Andsnes til NRK.

– I den tida me no er inne i, er det viktigare enn nokon gong å ta vare på gode opplæringstilbod for dei unge i Vestland, ikkje bygga dei ned, seier Karianne Torvanger (Ap), leiar for Hovudutval for opplæring og kompetanse.

Samarbeidspartia med livline

Det nye fylket slit økonomisk. Fylkesdirektøren i Vestland la derfor i førre veke fram eit forslag om å kutte ei rekke studielinjer.

– Det er såpass enkelt at vi har eit krav på oss til å redusere utgiftene våre med kring 80 millionar kroner. 20 millionar av dette skal komme frå reduksjon i tilbodet vårt, seier fylkesdirektør Bjørn Lyngdal til Firda.

Bjørn Lyngedal

KUTT: Fylkesdirektør Bjørn Lyngedal seier at Vestland er nøydd til å redusere utgiftene betrakteleg.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Så snart forslaget vart kjend, oppretta skuleelev Kari Velken Meyer (18) ein underskriftskampanje. Nærare 5000 personar har signert.

– Dette er heilt vilt. Eg hadde håpa på at 500 ville skrive under, men på berre fem timar kom det over tusen, seier ho til Avisa Hordaland.

Dei seks samarbeidspartia i fylkestinget, Sp, Ap, MDG, KrF, SV og Venstre, bestemte tysdag å justere fylkesrådmannen sitt framlegg til endringar i opplæringstilbodet for skuleåret 2021/2022.

Justeringa inneber at fleire tilbod som var føreslått reduserte no blir vidareførte.

Andsnes: – Katastrofalt å miste

Meyer, som går tredje året på musikk-, dans- og dramalinja på Voss gymnas, meinte forslaget om å kutte både musikk- og kunstlinja på skulen var dumt. Skulen hennar brukte i 2018 over 20 millionar på nye klasserom.

I kampen for å redde utdanningane fekk elevane til og med ein verdskjend pianist med på laget.

Leif Ove Andsnes gjekk denne veka hardt ut i ei støtteerklæring til musikklinja på Voss vidaregåande:

– Det er uforståeleg at linja er nedleggingstrua. Musikklinjene har vist seg å vere av stor betydning for utviklinga av musikklivet generelt. Eit avgjerande bindeledd mellom grunnskule/kulturskule og høgare musikkutdanning. Det vil vere katastrofalt å miste dette utdanningstilbodet, skrev Andsnes i erklæringa.

Leif Ove Andsnes

GLAD: Den verdskjente pianisten Leif Ove Andsnes har engasjert seg i kampen for å redde musikklinja på Voss.

Foto: Therese Pisani / NRK

Letta ordførar

Vossaordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) er glad musikklinja og fleire andre no er redda.

– Disse utdanningane er grunnmuren i det som har skjedd på Voss dei siste 20–30 åra med tanke på festivar og anna kulturliv, seier ordføraren.

Kunst-, design- og arkitekturlinja ved Hafstad vidaregåande skule i Førde låg òg tynt an, men er blant studietilboda som no er redda.

I industrikommunen Årdal føreslo fylkesdirektøren å leggje ned industrilinja ved Årdal vidaregåande. Det førte til sterke reaksjonar i den største industrikommunen i gamle Sogn og Fjordane.

– Eit merkeleg val. Å fjerne eit såpass viktig tilbod vil få store konsekvensar for rekrutteringa, sa ordførar Hilmar Høl tysdag.

No er linja redda. Men Årdal vidaregåande skule mister derimot sal- og servicelinja og blir dermed ikkje heilt skåna for kutt.

Elevar på linja for kunst/design/arkitektur på Voss Gymnas.

KREATIVT: Både ved Voss Gymnas (biletet) og Hafstad vidaregåande skule i Førde stod linja for kunst/design/arkitektur i fare for å bli lagt ned.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK