Hopp til innhold

Karadas-feber herjar i saftbygda

Mykje tyder på at Azar Karadas kjem til å få ein varm velkomst i sin første kamp for Sogndal.

Pyro på Fosshaugane

VARM VELKOMST: Azar Karadas kan nok få ein varm velkomst når han entrar Fosshaugane på søndag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Arrangementssjef Geir Inge Heggestad meiner å sjå ein viss Karadas-feber herje i saftbygda.

Måndag kveld vart det klart at 31-åringen frå Nordfjordeid takka nei til ei rekkje klubbar , for spel i svart og kvitt ut sesongen.

Jonas Olsson Azar Karadas

RETT PÅ LAGET: Trenar Jonas Olsson (t.v.) vurderer å sette Azar Karadas rett inn på laget til møtet med Strømsgodset.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi merkar det i form av auka billettsal dagane etter at Karadas vart klar, slik at det ligg an til ein ny fotballfest i Sogndal med bortimot 5.000 tilskodarar på søndag, seier han.

Godt besøkt kamp

Eidaren fortalde sjølv at han valde Sogndal fordi han kjende seg velkomen og ynskt i klubben . Og når eit Strømsgodset-lag på sølvplass vitjar Fosshaugane førstkommande søndag, vil 31-åringen truleg få dette stadfesta.

Kampen blir Sogndal sin første heimekamp etter at skulane startar opp att.

– Det plar vanlegvis slå ut i store mengder av studentar og skuleelevar, men likevel meiner eg å sjå ein Karadas-feber i Saftbygda, seier Heggestad.

Ny sesongbeste?

Geir Inge Heggestad

NØGD: Geir Inge Heggestad meiner å sjå Karadas-feberen herje i Sogndal.

Foto: Arve Uglum / NRK

Tilsvarande oppgjer i fjor, då motstandar var Start, trekte 4.104 tilskodarar til Fosshaugane. Snittet ligg så langt i år på 3.744 tilskodarar, med Fredrikstad-kampen i slutten som beste kamp med 5.037 på tribunen.

Snittet i fjor var 3.181 tilskodarar. Vestlandsderbyet mot Brann trekte flest tilskodarar då 5.623 løyste billett til oppgjeret.

– No er det onsdag i dag, og med normalt sal inn mot søndag så skal vi ha kring 5.000 selde billettar, håpar Heggestad.