Hopp til innhold

Endeleg vann mannen som hatar å tape

(Sogndal - Start 2-1) 19-åringen Petter Strand hatar å tape. Søndag kjempa han for kvar ball, skapte sjansar - og kunne lett ha spelt 90 minuttar til etter Sogndal-sigeren mot Start søndag kveld.

Petter Strand og Azar Karadas

GOD STØTTE: Veteran Azar Karadas var svært nøgd med innsatsen til sin unge lagkamerat Petter Strand etter sigeren mot Start.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Den unge bergensaren vart kåra til banas beste spelar i oppgjeret mot Start, og etter kampen vart han eit ynda intervjuobjekt for samtlege av journalistane på Fosshaugane søndag.

– Det er heilt utruleg deilig og no er eg berre glad for å vinne. No tenkjer eg ikkje på at eg er sliten i det heile tatt. Hadde eg fått ein liten pause no, så kunne eg ha spelt ein kamp til, sa Strand og fekk velfortente klemmar frå lagkameratane på veg ut av garderoben.

Trur på mange poeng

Den tidlegare 3. divisjons-spelaren frå Tertnes i Åsane er ambisiøs på eigne vegner, og sler klart fast på sin eigen Twitter-konto at det er to ting som betyr noko i livet: Fotball, og å vinne i fotball.

– Eg har kome meg på eit mykje høgare nivå enn det eg var. Eg føler at eg utviklar meg for kvar kamp. No står det berre att å score mål sjølv, sa Strand og gliste så breitt som berre ein fotballspelar på veg opp og fram kan gjere.

Han er overtydd om at Sogndal med årets første heimesiger i boks vil klare å sanke mange poeng framover, og at stadig fleire av sjansane blir gjort om til teljande scoringar.

– Vi har ballen mesteparten av kampen i dag, og etter kvart vil måla komme, det er eg sikker på.

Gustav Valsvik

SIKRA SIGEREN: Gustav Valsvik var ein uvanleg glad mann etter at han sikra sigeren for Sogndal mot Start.

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB scanpix

Start scora først

Og det var Sogndal som styrte det meste av det som skjedde på Fosshaugane i dag. Start skapte lite, men det var sørlandslaget som sette inn det første målet i kampen.

Etter ein omdiskutert corner, var Glenn Andersen høgast i feltet og sette ballen utagbart i mål bak Sogndal sin svenskeimport, Erik Dahlin.

Men berre minuttet seinare utlikna Sogndal etter eit perfekt innlegg frå Tajo Teniste. Ballen havnar hos Mahatma Otoo, som headar trygt i nettmaskene.

– Det er heilt utilgiveleg at vi slepp inn det målet, meiner Andersen, som var ein svært skuffa mann etter kampen.

I det 90. minutt er det Gustav Valsvik som får ballen frå Teniste, og sikrar dermed Sogndal sin første trepoengar på heimebane i år.

– Køyrde hardt og vann

Mjelde

SKUFFA: Start-trenar Mons Ivar Mjelde.

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB scanpix

Ein siger ikkje minst Sogndal-trenar Jonas Olsson naturleg nok var særs nøgd med.

– Då Start scora, så tykte vi ikkje synd i oss sjølve, men reagerte og så køyrde vi hardt og vann. Det er veldig, veldig deilig, ikkje minst for spelarane som legg ned så mykje energi i denne kampen. Vi kan ikkje sjå på tabellen og ergre oss over det, men heller fokusere på den prestasjonen vi skal gjere kvar søndag, sa Olsson etter kampen.

Start-trenar Mons Ivar Mjelde var naturleg nok ikkje nøgd med å måtte reise heim til Kristiansand med null poeng i kofferten.

– Det er vel ikkje ein velspelt kamp. Det er mykje musklar involvert på Fosshaugane. Vi tek leiinga, og då hadde eg god tru på det. Men når ein då slepp inn mål 50 sekundar etter å ha scora sjølv, så blir ein hardt straffa, sa Mjelde til NRK.

Otoo til VM?

Eit anna stort spørsmål etter kampen mellom Start og Sogndal er om målscorar Mahatma Otoo får plass i den ghanesiske VM-troppen. Etter planen skal Ghana presentere sitt laguttak måndag.

– Eg føler iallefall at sette meg sjølv i ein god posisjon til å kome med på laget med scoringa i dag, meiner Otoo.

Med sigeren mot Start er no Sogndal oppe i sju poeng, og over nedrykksstreken.

I kampen mellom Sogndal og Brann skora Otoo eitt av måla. Sjansane for å kome på landslaget i Ghana auka då.