Kaptein på Sommarbåten, Frank Walsøe, er imponert over oppmøtet til florøværingane, både på kaia og til sjøs.
– Det er eit sirkus dette her. Talet båtar her i Florø er det meste vi har hatt på turen, seier han.
- Les også:
Sjølv om det etter kvart vart trongt om plassen i fjorden, var det aldri fare på ferde.
– Det er klart at her må vi passe på. Men vi har gode folk med oss, så det går av seg sjølv, seier Walsøe.
Lars Eirik Baugstø-Hartvigsen frå Florø er også imponert over korleis båtfolket har mobilisert.
– Viss du var langbeint, kunne du gått tørrskodd til Rota med alle båtane som var ute i hamnebassenget her, seier han. Rota er ei lita øy ute i fjorden ein knapp kilometer frå Florø sentrum.
I kveld klokka 21:30 sender Sommeråpent direkte frå Florø på NRK1. Under kan du følgje Sommarbåten minutt for minutt.