Hopp til innhold

Kaprar kundar verda over

På få år har fem gründerar frå Sogndal fått kundar frå heile verda med eit program om timeregistrering.

Halvor Gregusson

VIL MEIR: Yast as er klar for fleire kundar verda over, og dagleg leiar Halvor Gregusson er godt nøgd med utviklinga i selskapet som starta i 2008.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

50 000 brukarar i fleire land brukar kvar dag timeregistrering laga av fem unge gründerar frå Sogndal, skriv Bergens Tidende.

Ideen kom på NTNU

- Vi brukar Google AdWords for å jobbe oss opp ei brukarmasse å arbeide utifrå, seier Halvor Gregusson.

Han er dagleg leiar i selskapet Yast as og er ein av dei fem som i 2008 fekk ideen dei no nyt stor suksess med.

Timeregistreringa og ideen til den vart skapt då dei fem gjekk på NTNU i Trondheim. Silvilingeniørane fann rett og slett opp online timeregistrering.

No er det tre tilsette på heiltid i selskapet, medan fem jobbar som deltidskonsulentar for Yast as.

Får hjelp frå sosiale medier

- Ein advokat kan til dømes enkelt registrere lengda på ein telefonsamtale etter at samtalen er slutt samstundes som verdien per time vert rekna ut. Då vert pengeflyten umiddelbart registrert, forklarar Gregusson til avisa.

Han fortel at at dei fem har arbeidd hardt for å nå så langt som dei har. Men Gregusson seier dei får god drahjelp frå Twitter og facebook og bloggomtalar folk skriv og legg ut.

Til no er timeregistreringssystemet i bruk i land som Nederland, England, Beligia, Canada og USA.

USA største kunde

- Vår største kunde no er frå USA, men tidlegare kom den frå Chile, før der frå Australia og New Zealand. Vi er godt nøgde, seier Gregusson til avisa.

I snitt får selskapet mellom 500 til 1000 nye brukarar i veka.

- Toppen var på 2200, og ein botn i romjula med 384 nye brukarar.

Gregusson har tidlegare sagt at det kunne bli aktuelt å selje i 2012.

- Eg skal ikkje utelukke sal i 2012, men 2013-2014 er nok meir realistisk.