Hopp til innhold

– Butikkar som ikkje går på nett er eit synkande skip

– Butikkar som ikkje kjem seg på nett, er eit synkande skip, seier Peder Inge Furseth ved Handelshøyskolen BI.

Turid Borgund

PÅ NETT: Turid Borgund har i over 20 år drive barnebutikken Krambua på Nordfjordeid.

Foto: Silje Guddal / NRK

Mange lokale forretningar har lenge frykta at nettbutikkar skal ta frå dei kundegrunnlaget sitt. Borgund starta å promotere butikken sin på Facebook for fem år sidan, etter kvart fekk butikken også eigen profil på bildedelingsappen Instagram.

– Eg brukar det kvar einaste dag, og det gjev kjempegod respons.

Den erfarne butikkdrivaren står med mobilen i handa, medan NRK er på besøk tikkar det inn spørsmål om varene, som følgje av eit bilde ho har lagt ut.

– Her legg eg ut kvar dag, om det er tilbod, nyheiter. Eg skriv om produkta, korleis dei fungerer, prismessig og kvaliteten, og mykje tilbod. Førre torsdag lag eg ut tilbod på nokre jakker. Då tok det heilt av. Eg sende varer til Sandnes, Kristiansand, Alta, Bodø, Tromsø, heile landet, seier Borgund.

Mykje arbeid å vere på nett

Borgund vedgår at det også er mykje arbeid knytt til å vere på sosiale medium, men seier ho kosar seg med arbeidet.

– Eg har jobba med å få opp tal følgjarar. Eg tek masse bilete på jobb om dagen, og brukar eg denne kosestunda i godstolen og legg ut bilete.

Å promotere butikken på sosiale medium har hatt svært mykje å seie for utviklinga av butikken påpeikar Borgund.

– Om ikkje eg hadde vore så aktiv på nett, så trur ikkje eg at eg hadde hatt ei så flott stigande kurve som eg har. Så det trur eg betyr alt.

Må vere på nett

Peder Inge Furseth

MÅ VERE PÅ NETT: Peder Inge Furseth er førsteamanuensis ved Institutt for kommunikasjon og kultur på Handelshøyskolen BI.

Foto: Handelshøyskolen BI

– Ein kan bruke internett som ein kommunikasjonskanal, informere om varene ein har i butikken, du kan også bruke internett til å forme relasjonar med kundar, seier Peder Inge Furseth ved Handelshøyskolen BI.

Furseth meiner butikkar som framleis ikkje er villige til å satse på nett tar ein stor risiko.

– Vi er meir og meir på nett, dei yngre i dag, og dermed framtidas kundar, er meir på nett, så det er ein stor risiko å tru at alle kundane kjem inn døra i butikken.

Nettbutikk

No vurderar ho å ta steget heilt ut, og opne nettbutikk.

– Fordi eg ser at det er eit potensial til å selje ut over til heile landet, og eg trur folk er på nett. Viss du ser eit menneske, så går dei med iPhonen i handa heile tida, seier Borgund.

Ho har ei tydeleg oppmoding til andre som driv butikk.

– Vil dei drive ein god butikk, så bør dei absolutt opne Facebook- og instagram-side. Det synest eg verkeleg.

Må kjenne si besøkstid

Furseth meiner utviklinga kjem til å gå fort framover, og spår at om fem heiter kanskje lokalbanken din Facebook eller Apple.

– Eg trur det går veldig raskt, no har internett og folk sin bruk av nettbank og liknande gjort at vi er blitt mykje meir modne som kundar og forbrukarar på nettet og vi har tillit til det. Det skjer ein revolusjon no, seier Furseth.

Furseth meiner dagens butikkar berre kan unngå butikkdød ved å tenke meir på innovasjon, noko norsk næringsliv ikkje har vore flinke nok til.

– Viss ein berre fortsette i den tradisjonelle kjøpsmannsrolla med at kundane skal kome inn i butikken og handle, så er det eit synkande skip i dei fleste næringane, seier Furseth.