Hopp til innhold

Kanselleringane kjem på løpande band etter nye miljøkrav

Flåm kan mista opp mot 70 cruiseanløp frå neste år, etter at det kom strengare miljøkrav.

Turistar i Flåm
Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Så langt har me fått 13 kanselleringar for 2020, seier Jon Olav Stedje, assisterande hamnesjef i Aurland hamnevesen, til NRK.

Frå 1. januar 2020 blir det strengare miljøkrav for cruiseskip som vil besøka verdsarvfjordane. Alle skip som er bygd før år 2000 som ikkje er oppgraderte for å koma innanfor dei nye krava, får ikkje koma inn i Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.

Det var Sogn Avis som skreiv om saka først (abo.).

13 kanselleringar så langt

Hamnesjef Jon-Olav Stedje

SER DET POSITIVE: Jon Olav Stedje, assisterande hamnesjef i Aurland, ser også det positive med færre og reinare skip.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Så langt har dei i Flåm fått 13 kanselleringar for neste år, og Stedje trur det blir fleire.

– Det er klart det blir ein økonomisk nedgang. I verste fall kan det bety 70 færre skip. Det er 90 000 passasjerar. I reine hamneinntekter, som avgifter og vederlag, betyr det mellom tre og fire millionar kroner, seier Stedje.

Dette er pengar som blir brukt til å betala for vedlikehald og oppgradering av til dømes grøntareal, parkar og toalettfasilitetar

Men han er oppteken av å ikkje berre sjå dei negative sidene ved at det blir færre skip.

– Me må bruka dette til å utvikla oss som cruise-destinasjon, og sjå det positive dette kan tilføra oss. No får me dei skipa me ønskjer oss i fjorden.

I 2022 blir krava skjerpa, og i 2025 blir dei endå strengare. Då er det berre fem prosent av dagens flåte som får lov å segla inn fjorden.

– Vil løfta kvaliteten

Erling Oppheim

OPTIMISTISK: Erling Oppheim i Nærøyfjorden Verdsarvpark er glad for at det blir færre skip.

Foto: Verdsarvparken

– Dette er veldig bra, og det vil løfta kvaliteten på heile destinasjonen. Ikkje minst er det bra for fjordane som verdsarvområde, seier Erling Oppheim, dagleg leiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark, til NRK.

Han trur ikkje verdsarvfjordane vil bli mindre populære av den grunn.

– Dei skipa som kjem i framtida er større med plass til fleire passasjerar, og for Flåm og fjordane som reisemål vil det ikkje ha noko dramatisk effekt.

Ikkje same effekt i Geiranger

I Geirangerfjorden har dei ikkje fått like mange kanselleringar som i Flåm.

– Me har færre enn fem kanselleringar for 2020. Men det kan hende det vil koma fleire, sidan Flåm har så mange fleire enn me har, seier Rita Berstad Maraak, hamnesjef i Stranda hamnevesen.

– Me tolkar dette slik at cruiserederia i stor grad klarer å tilpassa seg dei nye krava, seier ho.