Hopp til innhold

Kan vere god hjelp for ID-tjuvar

Feil frå kommunar gjer at postlister inneheld sensitiv informasjon. Det kan vere til stor hjelp for ID-tjuvar.

Video Legg ut sensitiv informasjon på nettet

SJÅ: Slik kan kommunane medverke til identitetstjuveri.

Tal frå Norsis viser at iløpet av dei to siste åra har 124 000 nordmenn opplevd at andre har misbrukt identiteten deira.

Postlistene til kommunar kan nyttast til nettopp det. For det viser seg at fleire kommunar legg ut sensitiv informasjon på postlistene sine.

- Eg var ikkje klar over at det låg slik. At du berre kan gå inn på nettet og finne det du vil ha, seier Terje Torheim frå Eid.

- Rydd opp

Torheim visste ingenting om at hans fulle namn og telefonnummer var lagt ut på postlistene til kommunen.

No fryktar han at slike feil gjer det lettare for uvedkommande å misbruke denne type informasjon.

- Eg forlangar at dei ryddar opp i rotet, seier han.

- Vi har gode rutinar

Eid kommune er ikkje den einaste som har lagt ut informasjon dei ikkje burde. Fungerande ordførar i Eid, Kjell Magne Åshammar, orsakar det som har skjedd.

- Vi har gode rutinar i utgangspunktet, men det har nok skjedd ein glipp på desse. Det må vi rette opp, seier han.

I strid med lova

Seniorrådgjevar i Datatilsynet, Gunnel Helmers, fortel at mange økonomiske svindlar ofte startar med at uvedkommande får tak i eit personnummer. Ho peikar på at kommunane bryt lova ved å legge ut fullt personnummer på Internett.

- Det er i strid med lovgjevinga å legge ut slik informasjon opent på Internett, seier ho og meiner slike glipp frå kommunane si side er alvorlege.