Herman Hoff foto Torje Bjellaas NRK
- På fredag mottok eg dokument i saka som tyder på at norske styresmakter ikkje har kompetanse eller heimel til å ta ut tiltale for valdtekt. Difor ber eg retten avvise punkt to i tiltalen, sa forsvarar Herman Alexander Hoff.
Forsvararen dokumenterte fleire rundskriv og andre brev for å underbygge kravet om å avvise tiltalen for valdtekt. Hovudargumentet er at Hashin vart utlevert, sikta for drap, ikkje for valdtekt. Forsvararen meiner påtalemakta ikkje har rett til å ta ut tiltale mot klienten hans for forhold som er dukka opp etter at han vart utlevert frå Nederland.
Hashin samtykte då i forenkla prosedyre, og det betyr i følgje forsvararen at han ikkje kan bli sikta for andre forhold i etterkant. Det Hashin vedgjekk etter at han var pågripen, var å ha teke livet av Hedda Karterudseter ved kvelning og ikkje nokon valdtekt.
Hoff presiserte at han vart kjend med desse dokumenta på fredag, og at han difor først i dag krev at retten avviser punkt to i tiltalen.
Uventa
Begjæringa frå forsvararen kom heilt uventa på retten og statsadvokat Bjørn Soknes.
Statsadvokaten var usamd med forsvararen. Han meinte det ikkje er gjort ein formell utleveringsavtale for Hassan Samriye Hashin, og at det ikkje finst noko grunnlag for å avvise valdtektstiltalen.
-Nederlanske styresmakter utleverte Hashin til Noreg, og norske styresmakter kan tiltale han for kva vi vil. Det er realiteten i saka, sa statsadvokaten.
Bjørn Soknes viste til eit skriv, signert Hashin, der han samtykkjer i utlevering frå Nederland og forkorta prosedyre. Aktor meiner Hashin har samtykt i at han ikkje skulle vere beskytta mot å bli tiltalt for andre forhold enn drap, altså valdtekt og valdsbruk.
Retten avviste kravet
Det er to tolkar tilstades i retten. Dei omsett straks det som blir sagt i retten til Hashin, slik at han kan følgje forhandlingane.
- Vi hadde ikkje vore tilstades i retten i dag dersom Hashin ikkje hadde sagt frå seg det vernet som ligg i reglane om utlevering. Då måtte vi ha gått den tunge vegen via Justisdepartementet og nederlandske styresmakter, understrekte Soknes.
I ein replikk sa forsvarar Herman Alexander Hoff at det ikkje eksisterer dokumentasjon på at Hashin har sagt at han gir avkall på det vernet han har i regelverket for utlevering.
- Det er dette retten må halde seg til, sa Hoff.
Men etter ein kort pause bestemte tingretten at punkt to i tiltalen blir fremja for retten. Det betyr at dei også skal ta stilling til punktet om valdtekt og grov vald.