Hopp til innhold

– Dette blir eit løft for idretten i Luster

Gaupne stadion får endeleg ei etterlengta ansiktsløftning. Takka vere kulturministeren sitt pengedryss med spelemidlar kan lustringane snart boltre seg på eit toppmoderne anlegg med kunstgras, lys og undervarme.

Bjørn Tore Årøy i IL Bjørn gler seg til å byggje nytt stadionanlegg i Gaupne

NO BLIR DETTE ANLEGGET TOPP MODERNE: Med spelemidlane i boks, kan idrettslaget Bjørn starte bygginga av anlegget der også dei sjølve, kommunen og den lokale banken har spytta inn pengar. – No er vi kjempeglade, seier leiar Bjørn Tore Årøy.

Foto: Privat

– Dette blir eit kjempestort løft for idretten i heile Luster kommune, jublar leiar i Idrettslaget Bjørn, Bjørn Tore Årøy.

Han fekk ein svært god start på helga då kulturminister Trine Skei Grande i går dryssa 2,8 milliardar kroner i spelemidlar over ulike idrettsføremål landet rundt.

Til Sogn og Fjordane fylkeskommune kjem det nær 60 millionar kroner. Av dei skal 3,2 millionar kroner gå til det nye stadionanlegget i Gaupne.

– Det gjer at vi kan starte bygginga av Luster idrettspark, med kunstgrasbane med undervarme og lys og moderne løpebane rundt heile bana, seier Årøy.

I tillegg skal det byggast opp anlegg for hoppøvingar og kastøvingar.

– Utan spelemidlane hadde vi aldri fått realisert dette anlegget.

Dobbelt så mykje som i 2014

Atle Skrede i hagen på NRK-huset i Førde
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Potten Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått med spelemidlar har auka for kvart år. I 2014 fekk fylket 30 millionar kroner i spelemidlar, medan potten i år er 59,4 millionar kroner.

– I same periode har vi hatt ei auka i talet søknader på spelemidlar, seier rådgjevar for fysisk aktivitet og idrett i fylkeskommunen, Atle Skrede.

Skulle alle som har søkt om spelemidlar i Sogn og Fjordane fått pengar i år, måtte fylkeskommunen hatt 237 millionar kroner å dele ut. Med 60 millionar kroner er det ikkje nok til alle, men Skrede seier det samtidig betyr at ventetida for dei som har søkt om midlar blir kortare.

– Vi har ein tanke om at alle kommunane i fylket skal få pengar til minst eitt anlegg, så det kan eg love.

Endrar kvardagen for mange

Fylkeskommunen har ei prioritert liste over anlegg og prosjekt som skal få spelemidlar. Lista blir spikra når fylkesutvalet for næring og kultur har møte i slutten av mai.

Blant prosjekta Skrede kan garantere at får midlar er rehabilitering av Sletta stadion i Høyanger, barnegolfanlegget på Jølster, rehabilitering av Strynehallen og rehabilitering av Årdal ridehall.

Skrede seier spelemidlane er svært avgjerande for å få realisert både nybygging og rehabilitering av idrettsanlegg.

– Alle vil gle seg over dette

I Gaupne er leiar Bjørn Tore Årøy i idrettslaget overtydd om at alle i bygda vil gle seg over det nye stadionanlegget.

– Dei som er interesserte i friidrett vil juble, der har miljøet lagt nede i mange år. Fotballfolket vil juble for å få tilgang på ei kunstgrasbane som i teorien kan halde ope året rundt. Alle vil bli glade for å få eit idrettsanlegg til nær 20 millionar kroner i nærmiljøet.

Byggjearbeidet startar i midten av mai, og er venta å stå klart i september.