Hopp til innhold

Kan selje seg ut av Fjord1

Møre og Romsdal fylkeskommune vurderer å selje sin del av Fjord1.

Ferja Davik
Foto: Terje Karlsen

Fylkesdirektøren i Møre og Romdal Ottar Brage Guttelvik ynskjer fullmakt frå politikarane for å sondere om det fins kjøparar til nabofylket sin eigardel i Fjord1. Saka kjem opp som ekstrasak i fylkesutvalet tysdag.

Eig 41 prosent

Møre og Romsdal fylkeskommune eig 41 prosent av aksjane i Fjord1 Nordvestlandske. Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 59 prosent. I fylgje Sunnmørsposten kan eigardelen til Møre og Romsdal vere verdt i underkant av 300 millionar kroner. Skal nabofylket selje har Sogn og Fjordane forkjøpsrett for aksjane.

Prosessen kan ta to år

Fylkesdirektøren i Møre og Romsdal vil ikkje ha noko formeining om Sogn og Fjordane fylke kan vere kjøpar for aksjane. Prosessen kan ta både eitt og to år. Dersom det skal skje eit nedsal, skal dei to noverande eigarane, i samråd med konsernstyret, drøfte og avklare viktige strategiske spørsmål, skriv avisa.

Økonomi er viktig årsak

Ein tøffare økonomisk kvardag er noko av bakgrunnen for at fylkesdirektøren løftar eit eventuelt sal inn i fylkesutval og fylkesting.

- Selskapet MRF vart i si tid etablert for å byggje infrastruktur i Møre og Romsdal. Dei seinare åra har vi fått eit tilbodsregime,og vi ser at Fjord 1 har vunne tilbod ei rekkje stader i landet, mellom anna i Hordaland og Rogaland. Det krevst mykje kapital for å kunne vere med og konkurrere.

- Eg kan ikkje sjå at det er rett å bruke av fylkeskommunale fond for å styrke eigenkapitalen i Fjord 1 slik at selskapet skal kunne byggje infrastruktur i andre fylke. Møre og Romsdal fylke har rett og slett ikkje økonomi til å vere ein god eigar i Fjord 1 Nordvestlandske, seier Guttelvik til Sunnmørsposten.

Ikkje utbytte

Eit anna argument for sal er mangel på utbyttepolitikk i konsernet. Eigarane har allereie vore nøydde til å bidra med betydelege
eigenkapitalinnskot, førebels i form av ansvarlege lån. Sårt tiltrengde midlar til teneste- og velferdsproduksjon har gått med til prosjekt i andre fylke.