Rett nedanfor Svartediket bur det titusenvis av menneske. Eit brot i demninga kan føra til katastrofale tap av menneskeliv. Det er vurderinga til Fylkesmannen sin analyse av risikoen.
- Vi snakkar om ein katastrofe med stort omfang, seier Torill Halland som er prosjektleiar for risikoanalysen.
Terror og jordskjelv
- Det er så mykje vatn bak demninga, og i dette tilfelle bur det folk rett nedstrøms. Det gjer at brot i demninga framstår som ein potensiell risiko. Vi trur ikkje dammen vil ryka av seg sjølv, men terror eller jordskjelv kan føra til eit dambrot, seier Halland.
Vatn kan grava ut demninga
I tillegg kan konstruksjonsfeil, aldring, mangelfullt vedlikehald eller flaum utgjere ein potensiell risiko.
- Det vanlegaste som kan skje er at vatn går over damkanten og kan grava ut dammen. I så fall vil dammen gradvis forsvinna og ein vil ha god tid til å evakuera, meiner Halland.
Men dersom årsaka til brotet er jordskjelv eller terror vil konsekvensane verta så store at Fylkesmannen no ber kommunen vurdera å leggja ned anlegget.