Hopp til innhold

Kan kalle inn soldatar frå Heimevernet

Soldatane som høyrer til Heimevernet i Bergenhus HV-distrikt 09, kan forventa å bli kalla inn til teneste dei kommande vekene. Det seier Christoffer Knutsen, som er sjef for distriktet.

Han presierer at det første rekke vil vere aktuelt med soldatar i nærområdet til gass- og oljeanlegg, som Øygarden og Alver.

Enn så lenge er det berre soldatar frå innsatsstyrken Bjørn West som er kalla inn til teneste på anlegga på Mongstad og Kollsnes.

– Det er fordi dei best trent på å vera raske på labben. Me er førebudd på å kalle inn andre soldatar når det blir behov for å avlaste innsatsstyrken, fortel Knutsen, som ikkje vil kommentera kor mange dei har ute på anlegga i Øygarden og Alver.

Oberstløytnanten fortel også at Heimevernet har trent på å beskytte olje- og gassanlegg lenge, og at dei har soldatar som er spesialtrent på dette området.

– Desse vil det nok bli spesielt aktuelt å kalla inn når det er behov for det, fortel Knutsen, som fortel at det mest sansynleg vil bli aktuelt om ei vekes tid.

Økt beredskap Mongstad heimevern. Kjøretøy og menn i militæruniform bak i bildet. Politibil og politimann i forgrunnen.
Foto: Alrik Velsvik / NRK