Hopp til innhold

Kraftig snøfall og vind gav trøblete føre i Sør-Noreg

Problema var størst på Austlandet, men også fjellovergangar og flytrafikken vart råka.

Trafikkulukke ved Kløfta

UHELL: Ein lastebilførar vart sittande fast etter at fleire lastebilar var involvert i ei trafikkulukke på E6 mellom Kløfta og Jessheim. To personar vart sendt til sjukehus og fleire til legevakta etter ulukka.

Foto: Samuel Andersen

Medan nedbør og vind rår i fjellet, er det trøbbel også for trafikken i låglandet. Over store delar av Sør-Noreg får politiet melding om større og mindre trafikkuhell.

Trafikkulykke Rælingen

SAMANSTØYT: Ingen personar vart skadde då ein buss og varebil krasja i Nedre Rælingsveg utanfor Lillestrøm.

Foto: Nadir Alam / NRK

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel på gult nivå for vanskelege køyreforhold i Buskerud, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold, Østfold, Oslo og Akershus.

SJÅ VIDEO: Kraftig snøfall har ført til fleire ulukkker og uhell på vegane.

– I dag er det somme stader vanskelege køyreforhold, tilpass alltid farten etter føre, sikt og trafikkforhold slik at det ikkje oppstår fare eller ulempe for andre i trafikken, oppmodar Vegtrafikksentralen på Sørlandet.

– Ekstraordinært

Kjedekollisjon ved Biri

KJEDEKOLLISJON: Ni bilar var involverte i fleire kollisjonar på E6 ved Biri. Dei involverte slapp frå ulukka utan alvorlege skader.

Foto: Politiet

Det er Austlandet som har dei verste forholda og største problem i trafikken no. Til dømes var E6 stengd sørgåande Jessheim–Kløfta etter ei ulukke. Ved Biri var ni bilar involverte i ein kjedekollisjon.

Både politi og Statens vegvesen oppmodar alle om å køyre varsamt.

– Vi har fleire hendingar knytt til vêr og føreforhold. Både ulukker og uhell som skaper trafikkproblem. Til dømes har E6 i periodar vore heilt stengd, seier operasjonsleiar Kari Monsen i Øst politidistrikt.

– Det har vore ekstraordinært med meldingar om trafikale forhold. Det har nok med tett snøfall og glatte vegar å gjere, seier Monsen.

Trond Holtvedt, prosjektleiar for drift og vedlikehald i vegavdelinga Akershus i Statens vegvesen, seier til Romerikes Blad det truleg vart brukt for lite salt i vedlikehaldet. Mannskapet auka difor saltmengda i føremiddag.

– Saltar vi for lite, får vi situasjonen vi har hatt i dag, der bilane syter for at snøen pakkar seg og resultatet blir ei polert vegbane, seier han til avisa.

Forseinkingar i lufta

Det kraftige snøfallet påverka også flytrafikken inn- og ut frå Oslo lufthamn Gardermoen. Kommunikasjonssjef Joachim Westher Andersen håpar flytrafikken er i rute att til rushtrafikken set inn i 15-tida.

Fire av ti fly var forseinka først på dagen.

– Det er ikkje store forseinkingar, men snøen kjem ikkje ferdig brøyta. Når det snør så mykje som i dag så må vi rydde rullebana for snø. Så lenge det er køyretøy som brøyter rullebana, så tek det ned kapasiteten, seier han.

Fjell kan bli stengt

Krevjande forhold i Halbrendslia i Førde

KREVJANDE: Fleire bilar har fått problem på glatta onsdag morgon. Biletet er frå Halbrendslia på E39 gjennom Førde.

Foto: Jarle Arvid Aase / NRK

Kraftig nedbør, i kombinasjon med vind, kan også få følgjer for fjellovergangane mellom Aust- og Vestlandet.

– Slår vêrmeldingane til, så kan det bli innført tiltak, seier trafikkoperatør Idar Sangolt ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Onsdag morgon varsla Statens vegvesen at det på kort varsel kunne bli innført kolonnekøyring på riksveg 7 Hardangervidda, riksveg 52 Hemsedalsfjellet og fylkesveg 50 Hol–Aurland. På ettermiddagen betra veret seg, fjellovergangane opna. Berre Hemsedalsfjellet ville framleis kunne stenge på kort varsel onsdag kveld.

Bilberging i Våtedalen på E39 ved Byrkjelo

BILBERGING: På E39 gjennom Våtedalen mellom Jølster og Gloppen har eit vogntog køyrt i grøfta.

Foto: nrk.no-tipsar

Fylkesveg 53 Tyin–Årdal kan bli stengd på kort varsel.

– Vi følgjer nøye med. Ut frå dei meldinga vi har no, er Hol–Aurland og Hemsedalsfjellet mest utsett. Det ser greitt ut for Filefjell, men det er kraftige byer der oppe også, seier Sangolt.

Vind og nedbør

Nyåret har fått ein til dels trøblete start for fjellovergangane, med mykje stengingar og kolonnekøyring.

– Det blir mest nedbør no og med nedbøren som kjem så skal det ikkje mykje vind til før ein får dårleg sikt, seier statsmeteorolog Tone Kristin Taule.

– Det er varsla stiv kuling, og det er nok til å føyke opp snøen. Men det blir lettare ut på ettermiddagen når lågtrykket har passert og vi vår nordavind innover Vestlandet, seier Taule.

Skredvarslingstenesta varsom.no melder om betydeleg snøskredfare for Indre Fjordane, Jotunheimen, Indre Sogn, Voss og Hardanger.

  • NB! Den opprinnelege tittelen var noko upresis og er endra.
Laster Twitter-innhold

Slik er situasjonen på fjellovergangane klokka 21.45

  • E6 Dovrefjell: Snø- og isdekke. Klokka 18.30 var det sørvestlig lett nordaustleg svak vind og lett snø.
  • E16 Filefjell: Snø- og isdekke. Klokka 18.49 var det -10 grader, laber bris og opphald.
  • E134 Haukelifjell: Snø- og isdekke. Klokka 18.00 var det -5 grader, frisk bris og delvis skyar.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Stort sett snø- og isdekke. Klokka 18.20 var det -7 grader, liten kuling, skyet og opphald.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Snø- og isdekke. Klokka 18.00 var det -5 grader, laber bris og opphald.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Stort sett snø- og isdekke, fare for glatte parti. Klokka 18.30 var det -8 grader, vestleg lett bris og lett snø.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke. Kolonnekøyring kan bli innført på kort varsel. Store køyretøy bør bruke kjetting. Klokka 18.58 var det -8 grader, lett bris og opphald.
  • Fv. 27 Venabygdsfjellet: Vekslande snø- og isdekke, laus snø, fare for glatte parti. Klokka 18.15 var det -12 grader, svak vind og skya.
  • Fv. 50 Hol–Aurland: Snø- og isdekke, redusert sikt. Klokka 18.50 var det -4 grader, laber bris og lett snø.
  • Fv. 53 Tyin–Årdal: Snø- og isdekke. Klokka 18.50 var det -3 grader, liten kuling og middels snøbyer.