Hopp til innhold

Kan ikkje data - kvir seg for å slå inn varer

FØRDE (NRK): Coop Mega har nyleg sett inn sjølvbeteningskasser i butikken, men mange eldre vil helst unngå det nye systemet.

Coop Mega har nyleg sett inn sjølvbeteningskasser i butikken, men mange eldre vil helst unngå det nye systemet.

PÅ HANDLETUR: Magnhild Rørvik skal prøve dei nye sjølvbeteningskassene for fyrste gong. Foto/redigering: Krista Lien Indrehus

– Eg trur dei er meir skeptiske. Dei likar jo best å gå til oss i dei vanlege kassene, men etter kvart kan det hende at dei også vil prøve, seier butikkmedarbeidar Mona Brede Aase.

Ho har sett at dei eldre reagerer på sjølvbeteningskassene, som sidan førre torsdag har vore tilgjengelege for kundane ved Coop Mega.

Mona Brede Aase

TIL GOD HJELP: Butikkmedarbeidar Mona Brede Aase opplever at pensjonistar ofte ynskjer å nytte dei vanlege kassene på butikken.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Trur dei eldre vil komme etter

I butikken står det no sjølvbeteningskasser, i tillegg til tre vanlege kasser. I slike kasser skannar, veg og søkjer ein opp varene sine sjølv. Etterpå betalar ein med bankkort, også det på eiga hand.

Butikksjef Rakel Sunde trur at dei nye kassene gjer handleturane meir effektive for dei fleste kundane.

Butikksjef Rakel Sunde

EFFEKTIVITET: Butikksjef Rakel Sunde meiner sjølvbeteningskassene gjer handleturen meir effektiv for dei som treng det.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

– Det er slik for tida at ting skal skje fort, og ein har det travelt. No kan ein gå rett inn, betale, og komme seg fort ut igjen, seier Sunde.

Korleis er det for dei eldre å bruke kassene?

– Eg trur dei synest det er bra at dei får hjelp fyrste gongen. Det tar kanskje éin gong meir for dei å lære det, enn for eit ungt menneske. Eg trur likevel dei vil komme etter, slik dei har gjort med mobiltelefonar og Facebook, seier ho.

Lever utan datamaskin

– Eg har sett sjølvbetening før, men eg har aldri prøvd det, seier Magnhild Rørvik. Ho er pensjonist og gardbrukar, og på handletur denne dagen.

Rørvik er skeptisk til dei nye kassene, men går raskt med på å teste dei når NRK spør. Ho fortel at ho og mannen ikkje har datamaskin i huset.

Synest du det er vanskeleg?

– Eg har ikkje prøvd det. Eg jobbar på gard, og har eigentleg hovudet så fullt med daglege ting eg må gjere, at eg har ikkje prioritert å byrje med det.

Sjølvbeteningskassene

LITE TEKNOLOGISK: Rørvik er ikkje spesielt glad i teknologi og datamaskiner.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Prøver trykkskjerm for fyrste gong

I kassa får Rørvik grundig hjelp av Mona Brede Aase. Ho lærer å leggje tomatane på vekta, og korleis ho kan søke etter rett vare på trykkskjermen. Med rettleiing skannar ho medlemskortet sitt og ein pantelapp, og betalar med kort.

– Kva synest du om at samfunnet blir meir digitalisert og automatisert?

– Det er ikkje min stil, men eg forstår at det blir slik, seier Magnild Rørvik.

.

TRYKKSKJERM: Brede Aase hjelper Rørvik med teknologien.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK