Hopp til innhold

No kan Brann-flagget få svaie frå rådhuset

Ei planlagt lovendring gjev kommunane lov til å flagge med mellom anna Brann-flagget frå offentlege flaggstenger.

Brann-flagget

PLANLAGT LOVENDRING: Snart kan kommunane få lov til å heise dette flagget.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

– I dag har me ei veldig streng lov som seier at kommunane som hovudregel berre har lov til å flagge med norsk, samisk og kommuneflagg, seier leiar i kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad.

– No vert flagglova endra slik at ein ved større kultur- og idrettsarrangement, har lov til å flagge på offentlege flaggstenger, dersom kommunen ønskjer det.

Innstillinga til lovendringa kjem frå Kommunal- og forvaltningskomitèen. Endringa er endå ikkje vedteken i Stortinget.

Njåstad trur ikkje det kjem til å kome nokre store reaksjonar på den nye lova.

Helge André Njåstad

– KOMMUNANE SKAL FÅ BESTEMME SJØLV: Helge André Njåstad i Kommunal- og forvaltningskomitèen

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK

– Eg trur folk er einige i at kommunane skal få bestemme ting sjølv. Det ligg i den nye regjeringa si ånd at me skal la kommunane fatte fleire avgjersler på eiga hand.

Kan få flagge for seriegull og VM

Njåstad nemner sykkel-VM og Brann sitt nye seriegull som døme på anledningar der det skal vere mogleg å flagge.

– Min draum er at Brann skal vinne serien og at me då kan syne begeistring ved å heise flagget i offentleg stong.

– Det er jo litt ironisk at det var drammensarane som fremja forslaget, og så er det kanskje ein anna landsdel som får lov til å vinne seriemeisterskapet og heve flagget når lova er endra, seier Njåstad.

Ville feire Strømsgodset

Initiativet til lovendringa kom frå Martin Kolberg, Lise Christoffersen og Torgeir Micaelsen i kjølvatnet av Strømsgodset sitt seriemeisterskap.

Dagens lov hindra dei å flagge med Strømsgodset – flagget i Drammen på offentlege bygg. No blir flagglova truleg endra av Stortinget.

Trude Drevland

LITT SKEPTISK: Ordførar i Bergen Trude Drevland meiner flaggstengene i utgangspunktet er for dei store anledningane.

Foto: Bergen kommune

Ordførar i Bergen, Trude Drevland er glad for at kommunen no får bestemme dette sjølv.

– Eg tykkjer alltid det er greitt at kommunen får fridom til sjølv å velje. Det gjelder også bruken av offentlege flaggstenger. Men i utgangspunktet meiner eg at flaggstengene berre skal brukast ved dei store anledningar.

– Det er spesielt å skulle ha Brann-flagg i dei offentlege flaggstengene. Det måtte vel ha vore om me vann serien. Eg er litt skeptisk, men at me kan avgjere det sjølv er ryddig og ordentleg.

– Viss Brann skulle vinne eit nytt seriegull, vil kommunen heise Brann-flagget?

– No får me fridom til å velje. Så får me ta ei avgjersle viss og når det skjer. Men eg er sikker på at uansett om me brukar dei offentlege flaggstengene eller ikkje, så vil eit eventuelt seriegull vere synleg nok i Bergen.

Er det riktig å late kommunane sjølv bestemme kva flagg dei vil heise opp i flaggstonga? Delta i debatten under.