Hopp til innhold

Kan ha ramla ned fjellskrent medan ho fotograferte

Den 67 år gamle kvinna som sist fredag vart funnen død like ved Storehaugtunnelen på Vikafjellet, hadde teke fleire bilete på staden. Politiet prøver no å finne svar på kva som skjedde då kvinna ramla utfor.

Dødsulukke på Vikafjellet

FALLULUKKE: Kvinna vart funnen i botnen av ein skrent like i nærleiken av Storehaugtunnelen på Vikafjellet.

Foto: Terje Målsnes

Den danske kvinna var på gjennomreise i Norge, og hadde etter det politiet veit køyrt rundt åleine for å sjå på fjord og fjell. Fredag kom kvinna køyrande på riksveg 13 over Vikafjellet.

Kva som så skjedde veit politiet førebels lite om, før kvinna vart funnen omkommen i botnen av ein fjellskrent like før klokka 17.30 på ettermiddagen.

Politibetjent Kristoffer Brende ved Vik lensmannskontor seier dei framleis jobbar med saka.

– Det er vanskeleg å seie kva som har skjedd, og vi jobbar med å få klårleik i dette. Det er mange moglegheiter, seier Brende til NRK.no.

Dødsulukke på Vikafjellet

FUNNEN AV TYSK TURIST: Kvinna vart funnen omkommen i botnen av ein skrent av ein tysk turist seint fredag ettermiddag.

Foto: Terje Målsnes

Populær utsiktsplass

Staden der kvinna vart funnen omkomen er ein populær stoppestad for dei som vil fotografere.

– Staden ligg høgt og har fin utsikt. Det går ganske bratt ned i dalar og heng herfrå. Det er ein rasteplass på toppen, og det er ein stad der mange stoggar og tek bilete, seier Brende.

Fotoapparatet til kvinna låg att ved autovernet like over skrenten der ho vart funnen død. Kamera var då framleis slått på.

– Det siste bilete er teke utover den fjorden som det er utsikt til frå dette punktet, seier Brende.

Kor vidt kvinna har sett frå seg kamera for å ta eit bilete med sjølvutløysar kan han ikkje svare på.

– Mange nyttar seg også av lang lukkertid og liknande, og det kan også ha vore ein grunn til å sette frå seg kamera, og at noko så har skjedd, seier Brende.

Vil ha kontakt med folk som var i området

Ifølgje Bergens Tidende kom familien til kvinna til Vik måndag denne veka. Dei skal mellom anna ha vore på synfaring på ulukkesstaden saman med politiet.

Brende seier til NRK.no at dei ikkje har opplysningar som skulle tilseie at kvinna har vore utsett for noko kriminelt.

Om nokon har vore i området ved Storehaugtunnelen mellom klokka 13 og 15 fredag ettermiddag vil politiet i Vik gjerne kome i kontakt med dei.