Ordførarane i Sogn vil det igjen skal verte lov å skrive me og bruke a-endingar i Fylkeskommunen.
Forbodet har eksistert i fire månader, i dag skal saka drøftast av fylkespolitikarane i Hovudutvalet for kultur.
– Dette har med språk og identitet å gjere. Det er ei viktig symbolsak for oss i midtre og Indre Sogn, seier ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand.
– Bør få stå fritt
ORDFØRAR: Harald Offerdal (Ap) i Balestrand.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRKOfferdal er også leiar av Sogn regionråd, og ein av sju ordførarar som reagerer kraftig på to setningar i den 36 sider lange språkbruksplanen til Sogn og Fjordane fylkeskommune.
- LES OGSÅ:
Dei meiner tilsette i fylkeskommunen bør få lov til å bruke «me» og a-infinitiv. Og ikkje
.– Det viktigaste er at du skriv eit enkelt språk og at språkføringa er god. Om du skriv «me» eller «vi», så er det ikkje det som betyr noko. Sakshandsamarane i fylkeskommunen bør kunne stå fritt, meiner Offerdal.
– Fortener ei ny runde
Det var administrasjonen i Fylkeskommunen som bestemte språknormene, etter grønt lys frå politikarane. Nils Gjerland (Sp), leiar for Hovudutvalet for kultur, har tidlegare
.LEIAR: Nils Gjerland (Sp).
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRKHan ser ikkje vekk ifrå at saka kan dukke opp att på politikarane sitt bord.
- LES OGSÅ:
– Det fortener i alle fall ei ny runde også politisk. Vi kjem til å snakke om dette i kulturutvalet, så får vi sjå kva grad vi skal bringe saka derifrå eller om andre tek den inn til politisk forum, seier han og er samd i ein del av kritikken som har kome.
– Eg tykkjer det kanskje er unødig firkanta å lage reglar som går utover det som er rettskrivingsnormer. Så er det greitt at vi har ein språkbruksplan, så må vi ikkje gjere det vanskelegare enn naudsynt.
– Tullar ikkje med identiteten
Språkbruksplanen skal gje eit enklare språk i forvaltninga, men har i staden sett djupe kjensler i sving hos sogningane.
– Fordi dialekta er identiteten vår. Me har vestlandsformer innebygt i oss frå generasjonar. Det vil vere aldeles unaturleg at me skal til å skrive «vi», seier ordførar i Vik, Marta Finden Halset (Ap).
ORDFØRAR: Ivar Kvalen (Sp) i Luster.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRKI Luster seier ordførar Ivar Kvalen (Sp) at det fylkeskommunale forbodet rokkar ved identiteten til sogningane.
– Identitetar skal ein ikkje tulle mykje med før det blir reaksjonar. Her trur eg nok fylkeskommunen ikkje har vore heilt oppdatert i høve til kva som har vore folkeviljen, seier han.
Kvalen har løysinga
Saka blir i dag diskutert av fylkespolitikarane, og Balestrand-ordførar Offerdal meiner han har løysinga på korleis den språklege stridsøksa kan gravleggast:
Er sakshandsamaren åleine om dokumentet, bør det vere fritt fram å velje.
– Og i tilfelle det er fleire er inne i dokumentet, så må ein bli samde om ein nyttar «me»- eller «vi»-forma. Så enkelt som det, seier han.