Hopp til innhold

Kan få millionstøtte til tribune

Fylkesrådmannen opnar for at Sogndal Fotball kan få støtte til å fullføre stadionutbygginga på Fosshaugane.

Fosshaugane Campus

BLIR FULLFØRT? Fosshaugane Campus manglar tribune på eine langsida.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sogndal Fotball har søkt Sogn og Fjordane fylkeskommune om 6 millionar kroner i tilskot til ferdigstilling av tribuneanlegget og kunstgrasdekke på Fosshaugane Campus.

No opnar fylkesrådmannen for at det kan bli gitt ei millionløyving til idrettsanlegget, slik at det blir komplett med tribune også langs nordsida av stadion.

La planane på is

Sogndal manglar førebels tribune på det som frå gammalt av er kalla Bjørkesida, der den gamle ståtribunen på Fosshaugane var plassert. Etter planen skulle Sogndal Fotball byggje tribune til drygt 15 millionar kroner langs veggen på nye Sogndal vidaregåande skule som er under oppføring kloss inntil stadion. Men slunken klubbkasse har førebels gjort til at Sogndal har lagt planane på is.

Entreprenøren er klar

Det reine betongarbeidet inklusive sete og rekkverk utgjer 11 millionar kroner, og fylkesrådmann Jan Ølchers meiner det vil vere ein stor økonomisk fordel å få ferdigstilt betongarbeidet på tribunen samstundes med ferdigstilling av skulebygget innan juni 2011.

Han viser til at entreprenøren, som Sogndal Fotball også har opsjon hos, alt er på staden.

Fylkesarena

– Denne stadionen er ein fylkesarena innan fotball som det er ønskjeleg å ferdigstille. Fylkesrådmannen er difor innstilt på å tilrå eit tilskot for å ferdigstille det reine betongarbeidet inklusive sete og rekkverk i 2011. Vi kan antyde ei støtte på 3-4 millionar kroner, skriv fylkesrådmannen i si utgreiing til finansutvalet som skal ha møte i neste uke.

Det vert ikkje tilrådd noko endeleg vedtak no, men Ølchers skriv at han reknar med å kunne førebu sak for politisk vedtak i Fylkestinget på tinsete i desember.