Hopp til innhold

Sikrar breen etter mal frå New Zealand - gule og svarte skilt skal vise farane

Gule og svarte skilt blir eit av tiltaka ved Nigardsbreen til våren for å hindre at turistar går for nær breen.

Breskilt på New Zealand

KAN BLI SLIK: Ved isbreane på New Zealand merkar dei farlege område på denne måten.

– Vi bruke meir fargar. Vi har nok vore for tilbakehaldne med å bruke for gloriete fargar fordi breen ligg ei eit naturreservat, seier Asle Karoliussen som er lensmann i Luster.

Ei arbeidsgruppa beståande av Statens Naturoppsyn, Luster kommune, politiet, breførarar og Breheimsenteret som skal komme med tiltak for å sikre

Asle Karoliussen

GULT OG SVART: Det vil stå fram som meir profesjonelt å få gule og svarte skilt som åtvarar om faren med å ferdast nær breen, meiner lensmann Asle Karoliussen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Nigardsbreen betre etter ulukka 10. august i sommar der eit tysk ektepar omkom og to born mista foreldra sine.

Tysdag hadde arbeidsgruppa sitt fyrste møte der dei har byrja å diskutere tiltak for å gjere breen tryggare.

– Vi skal bruke skilt som har mindre tekst og meir symbol. Vi har henta inspirasjon frå New Zealand ved Fox glacier der dei har hatt same utfordringar som ved Nigardsbreen, seier Lensmann Asle Karoliussen.

Arbeidsgruppa meiner at bruken av fargar, med hovudvekt på gult og svart, saman med symbol-skilt, vil få fram bodskapen på ein enkel og effektiv måte. Men førebels er ikkje tiltaket hundre prosent bestemt.

Det kan også bli snakk om å bruke farga kjettingar som hinder, og gjerne i to høgder.

– Det vil sjå litt proffare ut, seier Karoliussen.

Til no har vernestatusen i rundt breen gjort at omsynet til vern og at området skal sjå mest mogeleg urørt ut. Men no vil truleg godt synlege skilt og sperreband bli ein del av opplevinga av Nigardsbreen.

For å fullføre prosjektet vil det også bli utarbeidd ein tiltaksplan der alle aktørane ved breen har sine definerte ansvarsområde og driv oppfølging.