Hopp til innhold

Den to månader gamle storkommunen kunne fått nytt namn – slått ned av politikarane

ØYGARDEN (NRK): Innbyggjarane i storkommunen vest for Bergen får ikkje røysta over eit nytt kommunenamn. – Namneprosessen har vore grunnleggjande udemokratisk, meiner Sotralista.

Nina Glesnes

VIL HA FOLKERØYSTING: – Dette er heilt avgjerande for å byggje ein identitet i den nye kommunen, meiner Nina Glesnes i Sotralista.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

SISTE: Klokka 22.10 torsdag kveld vedtok kommunestyret i Øygarden å avvisa forslaget om folkerøysting. Berre 15 av 45 representantar ønskte folkerøysting.

1. januar blei dei tre kommunane Fjell, Sund og Øygarden på Sotra utanfor Bergen slått saman til den nye Øygarden kommune.

Allereie i fjor haust varsla partiet Sotralista, som vart det tredje største etter valet, at dei ville ha omkamp om namnet på kommunen.

Partiet gjekk inn i eit samarbeid med Høgre, KrF, Frp og Venstre. Torsdag kveld skal forslaget opp til behandling i kommunestyret.

– Dette er heilt avgjerande for å byggje identitet når ein skal starte opp ein ny kommune. At ein då i utgangspunktet ikkje ønska å spørje innbyggjarane om kva dei meiner, tykkjer eg er grunnleggjande udemokratisk, seier Nina Glesnes.

Ho står på 1. plass på Sotralista og er no fast representant i kommunestyret i Øygarden.

Sotrabrua

NEST STØRST: Sotrabrua leder i dag til nye Øygarden kommune, som no er den nest største i heile Vestland målt i folketal.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Stort engasjement

Sidan det blei klart at det nye namnet på kommunen skulle vere Øygarden, har det vore svært delte meiningar blant både politikarar og lokalbefolkninga.

Kommunen er den nest største i Vestland fylke, målt i folketal.

Gerda Kaland

LIKAR IKKJE NAMNET: Gerda Kaland meiner den nye kommunen burde heite Sotra i staden for Øygarden.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

Håkon Fjell, som bur i gamle Fjell kommune, har skrive 11 innlegg i lokalavisa Vestnytt og drog i gong ein folkeaksjon på Facebook.

Han meiner politikarane har lukka øyra for folkeopinionen.

– Her er det nokre få personar som har sett seg ned og bestemt kva kommunen skal heite. Eg meiner det er hakkande gale at folk ikkje har fått lov å ha eit ord med i laget i ei så viktig sak, seier Fjell.

– Kva meiner du at kommunen burde heite?

– I og med at vi er ein øykommune, og at den desidert største øya heiter Sotra, meiner eg vi burde heite Sotra kommune, seier Fjell.

Håkon Fjell

AKTIV: Håkon Fjell har sendt inn ei rekkje innlegg til lokalavisa, men har ikkje fått nokon respons frå leiinga i kommunen.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

Ein del av avtalen

Kommunenavnet Øygarden blei vedteke som del av eit kompromiss i eit felles kommunestyremøte for dei tre kommunane i juni 2017.

Fjell fekk kommunesenteret, Sund fekk kommunevåpenet og Øygarden fekk behalda namnet.

Dersom det skal bli fleirtal for forslaget, må minst 23 av dei 45 representantane i kommunestyret seie ja. Forslaget skal opp i kommunestyret torsdag kveld.

Om det skulle bli fleirtal, må administrasjonen førebu ei sak der ein mellom anna skal finne ut kva ei folkerøysting vil koste.

Øygarden

– Ikkje udemokratisk

Ordførar Tom Georg Indrevik (H) er ikkje samd i at prosessen fram mot å lande på eit namn har vore udemokratisk.

– Eg tenkjer at når dette har vore behandla i dei tre kommunestyra, så har ein invitert med dei som er demokratisk valde til å ta slike avgjersler, og som gjorde eit vedtak om å gå vidare med namnet.

Han erkjenner likevel at fleire kunne ha blitt invitert med undervegs.

– Sett i ettertid kan ein gjerne seie at prosessen burde ha vore betre, og at fleire burde blitt inkludert. Men sjølv lever eg godt med Øygarden som kommunenamn, og kjem ikkje til å gå inn for ei folkerøysting, seier ordføraren.

Tom Georg Indrevik

STÅR PÅ SITT: Tom Georg Indrevik (H) har ikkje latt seg overtyde om at det er rett å gå inn for ei folkerøysting.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK