Kan få 22 millionar mindre

Sunnfjord kommune ligg an til å få 22 millionar kroner mindre i overføringar frå staten enn det Jølster, Førde, Gaular og Naustdal får i dag. Dette er stikk i strid med lovnadane, seier prosjektleiar Ole John Østenstad til Firda. Uakseptabelt meiner førdeordførar Olve Grotle, som forventar at dette ordnar seg.