Hopp til innhold

Her hoppar Benjamin i det – no blir det opp mot 30 grader

Fjellvatnet i Sunnfjord er framleis kaldt, men Benjamin Landøy (22) har ingen problem med å hoppe uti når det er meldt nær 30 varmegrader i lufta.

Benjamin Landøy badar i Langelandsvatnet i mai 2020.

TØFFE TYPAR: Benjamin Landøy tok sats og hoppa uti Langelandsvatnet i Sunnfjord for nokre dagar sidan. No kjem finvêret for fullt.

Sist helg tok Benjamin og venene årets første bad i Langelandsvatnet i Sunnfjord, no er det straks ny langhelg og nye bademoglegheiter for gjengen.

For i indre strok på Vestlandet kan temperaturen nærme seg det magiske 30-talet til helga. Meteorologen lovar strålande pinsevêr.

– Det ser verkeleg bra ut. Det skal bli godt og varmt, men vonleg ikkje for varmt. Det skal bli finvêr etter kvart over det meste av landet vårt.

Det seier Kristin Seter, statsmeteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Eit solid høgtrykk ligg no over dei britiske øyane og kjem til å bevege seg nordaust i retning Sør-Noreg.

– Alt i dag blir det ganske fint i sør og vest, så breier det seg gradvis nordover, seier Seter.

Laster Twitter-innhold

Varmen er på veg

I løpet av torsdagen har finvêret nådd Trøndelag, så kjem det nordover etter kvart som lågtrykket trekk seg unna og høgtrykket følgjer på.

– Den varme lufta kjem nokon hakk bak høgtrykket. Så først blir det fint, så blir det gradvis varmare.

Fleire stadar langs Sognefjorden er det meldt temperaturar søndag og måndag på 27 grader, blant anna på idylliske Kvamsøy i Balestrand.

– Det ser ut til at det er særleg søndagen for Sør-Noreg sin del og måndagen for Nord-Noreg som vil bli den aller varmaste dagen, fortel statsmeteorologen.

Ver obs på mykje vatn

I fjellet er det framleis mykje snø, både i sør og nord. Men alt tyder på at ein unngår dei verste vårflaumane.

Men meteorologen ber uansett folk vere merksame på kraftig snøsmelting og høg vassføring i elvar og bekkar.

– Men solbriller og solkrem er alltid lurt, seier Seter som oppmodar alle om å nyte finvêret som er på veg.

Veten i Bergen i solskinn.

GOD PINSE: Utsikta frå det populære turområdet Veten i Bergen.

Foto: @martemby / Instagram
Laster Twitter-innhold