– Eg skjønar godt folk reagerer. Saka handlar også om Statens vegvesen i distrikta. Dette blir ein stor diskusjon framover, seier stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF).
Regjeringa kan legge ned eller kutte ved 58 av dei 75 trafikkstasjonane i Noreg. I fylgje ein konsulentrapport frå Capgemini Gemini. (Sjå lista over alle stasjonane nedst).
– Det er område med store avstandar, der ungdom er avhengige av å ta førarkortet, seier Storehaug.
– Kan ikkje ha så mange som i dag
Statens vegvesen skal konkludere i mai. Men alt har dei sendt innspel til konsulentrapporten. Rapporten har til no vore hemmelegstempla.
Vegvesenet meiner innsparingane truleg er nær 100 millionar kroner mindre enn dei 360 millionane konsulentrapporten legg til grunn.
Vegvesenet fryktar også for trafikktryggingsarbeid i distrikta. Tilsette på trafikkstasjonane vert nytta som kurshaldarar for eldre bilførarar, og driv med informasjonsarbeid til unge.
Dessutan har andre tilsette i Statens vegvesen framleis bruk for kontorplassar.
Men vegdirektør Terje Moe Gustavsen er likevel tydeleg.
– Brukarane vel nettet der ein før møtte opp. Oppgåvene er færre og annleis, og då må ein sjå på strukturen. I praksis betyr det at ein ikkje kan ha så mange trafikkstasjonar som i dag.
– Forstår du at dette skapar ein viss usikkerheit i distrikta?
– Sjølvsagt, det er alltid slik fordi det kjennest fint å ha tilbod i nærmiljøet. Det forstår eg inderleg vel. Men vi er også interesserte i å ha ting effektivt og ordentleg, seier Gustavsen.
Om planane går gjennom trur Vegvesenet at ein kan kutte mellom 230 og 290 tilsette. Medan konsulentrapporten seier 406 tilsette.
Fryktar Vegvesenet kan forsvinne frå distrikta
Storehaug meiner rapporten går for langt. I fleire lokalsamfunn er trafikkstasjonane også base for andre tilsette i Statens vegvesen.
Når fylka i tillegg tar over delar av Vegvesenet frå 2020, kan fagmiljøa bli splitta opp.
– Dette må sjåast i samanheng med anna reformarbeid i Statens vegvesen. Regjeringserklæringa forpliktar å sjå heilskapleg på oppretting og nedlegging av statlege arbeidsplassar, seier Storehaug.
SV varslar motstand
Også transportpolitisk talsperson i SV, Arne Nævra, varslar motstand.
– Dette forsterkar sentraliseringa. Vi har hatt nærpolitireforma og kommunesamanslåingar. No må folk reise lenger for å ta lappen.
– Men er det ikkje bra å effektivisere?
– Effektivisering er greitt, men ein må vite kva det går på kostnad av, kva som vert kasta ut med badevatnet, seier Nævra.