Hopp til innhold

Snart kan du måtte reservere for å stå her

Dei lange køane på Trolltunga har blitt eit problem. No vurderer Opplev Odda å avgrense besøkstalet gjennom eit reservasjonssystem.

Trolltunga

VURDERER RESERVASJON: Snart kan det hende du må løyse billett for å stå her.

Foto: Nina De Flon

Josten Soldal

VIL AVGRENSE: Lange køar for å ta bilete ved Trolltunga, har ført til at leiar i Opplev Odda, Jostein Soldal, no vurderer eit bookingsystem.

Foto: Egil Torheim / NRK

Dei siste åra har Trolltunga gått frå å vere relativt ukjent utan for Norge, til å bli ein internasjonal turistmagnet.

Nokre dagar må du gå i kø på vegen opp, før du må stå i kø på nytt for å kome ut på sjølve tunga. Jostein Solstad i Opplev Odda trur ein er på smertegrensa.

– Vi må finne eit system som gjer at ikkje opplevinga blir øydelagt, seier leiaren i Opplev Odda.

Dobla besøkstal

Soldal reknar med at besøktalet så langt i år, er rundt dobbelt så stort som på same tidspunkt i fjor. Heile 15000 mennesker har gått den drøye mila til Trolltunga i sommar.

– På eitt eller anna tidspunkt må vi berre setje ei grense. Når vi nærmar oss opp mot 1000-1500 personar som vil opp kvar dag, så blir det så blir det veldig lange køar for å ta bilete, seier Soldal.

Han fryktar opplevinga ved å kome til Trolltunga skal bli «øydelagt» om ein ikkje tar affære.

Inspirasjon frå New Zealand

Forskjellige løysingar har blitt diskutert, men ein modell frå New Zealand har spesielt falle i smak hos Opplev Odda.

– Dei har det same problemet på sine toppar, som vi har her. Der har ein eit bookingsystem på turiststiane der max 2000 kan reservere tur kvar dag. Etter det er det full stopp, fortel Soldal.

Om dette blir ein realitet på Trolltunga vil du måtte kjøpe deg ein billett før du i det heile får legge ut på den 11 kilometer lange turen.

Søppelproblem

Eit anna problem med folkemengdene er forsøpling av naturen.

– Heldigvis er mange turistar flinke til å hjelpe oss med dette problemet. Fleire plukkar med seg det dei finn langs stiane og tar det med ned igjen, noko som hjelper oss veldig, fortel Soldal.

Det største problemet oppstår når mange bestemmer seg for å overnatte i telt ved Trolltunga. Difor ønskjer også Opplev Odda at ei turisthytte skal kome på plass ved attraksjonen.

– I pinsehelga talde eg rundt 30 telt der oppe. Dei lar ofte eingangsgrillar og liknande stå, noko som ikkje er bra. Om der var ei turisthytte ville ein ta ein del av overnattingane innandørs, i tillegg til at ein ville få ei hyttevakt som kunne få situasjonen inn i litt meir ordna former, seier Soldal.