Kan betalast ned på 23 år

Nye tal viser at fastlandssambandet til Atløy vil kunne betalast ned seks år tidlegare enn ein har rekna med. Kapitalkostnadene fylket må forskotere minkar med 90 millionar kroner, skriv Firda. Berekningane er gjort etter at staten nyleg varsla at dei set det årlege ferjeavløysingsbeløpet til 27,8 millionar kroner, som er godt over det tidlegare reknestykke har hatt som utgangspunkt.

På Atløyna i Askvoll kommune i Sunnfjord har øyfolket kjempa for å få bru til fastlandet i fleire tiår.
Foto: Rambøll