Hopp til innhold

Kan «tape» 800.000 på andreplassen

Sogndal kan med full klaff håve inn 5,6 millionar kroner på å vinne førstedivisjon i fotball. Blir dei nummer to kan det bety nesten ein million kroner mindre.

Egil Mundal (t.h.)

IKKJE BERRE DET SPORTSLEGE: Det sportslege betyr aller mest, men det er også eit poeng å ta førsteplassen og ikkje andreplassen, seier Egil B. Mundal i Sogndal Fotball.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Skilnaden mellom å sikre første- eller andreplassen på tabellen kan dermed bety svært mykje for den sportslege satsinga, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil B. Mundal.

– Det er til dømes ein god fotballspelar i eitt år, med god løn og god oppfølging, seier Mundal.

– Dette er viktige inntekter for oss

Det er ikkje berre det reint sportslege som står på spel når Sogndal no kjempar om å vinne førstedivisjon i fotball. I potten ligg det om lag 5,6 millionar dersom Sogndal skulle klare førsteplassen.

Og det utgjer nokså mykje dersom Brann skulle vippe Sogndal ned til andreplass, seier Egil B. Mundal.

– Mellom 800.000 kroner og ein liten million er nok skilnaden om ein hamnar på førsteplass versus andreplass. Dette er sjølvsagt inntekter vi har lyst på, seier han.

Mykje pengar står på spel

Norsk Toppfotball skal i 2015 fordele rett i overkant av 40 millionar kroner frå medieavtalen og sponsorar til klubbane i førstedivisjon. (Sjå faktaboks).

Økonomiansvarleg Ine Hope Karlsen merkar at klubbane er opptekne av pengane.

– Eg oppfattar at det er det sportslege som opptek klubbane, men så er det også mykje pengar som står på spel, seier ho.

– Det er ingen som seier nei, takk til det om dei kan rykker opp ein plass på tabellen.

– Det sportslege er viktigast

Sogndal spelar søndag borte mot Hønefoss. Om alt klaffar kan dei sikre opprykket.

Men det er også viktig å halde Brann og Kristiansund bak seg på tabellen.

– Det aller viktigaste er det sportslege og å rykkje opp. Men så er det også eit poeng å ta førsteplassen, ein får mykje for 800.000 kroner, konstaterer Mundal.