Awa veit risikoen med å gå med ein korterma genser på gata i Iran.
I 2019 flykta ho for å unnsleppe moralpoliti og tvangsekteskap, fortel ho.
Men den norske staten trur ikkje på ho.

Kampen for kvinnene på Stord

Awa seier ho har blitt arrestert av moralpolitiet for å vise for mykje hud og hår.

«Eg kunne ikkje leve som eit fritt menneske. Viss eg reiser tilbake, døyr eg. Kanskje ikkje fysisk, men psykisk. Eg kan ikkje leve i Iran. »

Awa Rahimpour

Ho er ei av 23 iranske kvinner med avslag på asylsøknaden som framleis bur på mottak i Noreg.

Utlendingsstyresmaktene meiner det er trygt for ho og dei andre å dra tilbake til heimlandet.

På same mottak på Stord i Vestland bur også iranske Fariba Rashidi.

Ho har budd 12 år på ulike asylmottak.

Ho engasjerer seg for rettane til iranske kvinner.

Kampen til Fariba og Awa har vekka eit stort lokalt engasjement.

Fleire kjempar for at dei skal få bli.

«Dei risikerer det verste om dei blir sendt tilbake. Eg trur dei fleste i Noreg er samde i at dette er ikkje greitt. »

Kjellbjørg Lunde i støttegruppa

«Det er sterkt å høyre historiane deira.Dei er i ein fortvila situasjon.»

Stord-ordførar Gaute Epland (Ap)

Kommunen har engasjert seg for at kvinnene skal få sakene sine vurdert på ny.

Også på Stortinget er det politikarar som meiner at dei iranske kvinnene bør få bli.

«Det er endring i situasjonen i Iran. Desse kvinnene har valt å ikkje reise heim. Stort sett er det ein god grunn til det.»

Grete Wold, SV

Men fleirtalet på Stortinget vil ikkje at politikarane skal blande seg inn i saka.

«Personar som ikkje har behov for beskyttelse, skal heller ikkje belaste norske skatte­betalarar med å få vere i Noreg.»

Erlend Wiborg, Frp

«Kor vidt situasjonen i Iran no tilseier at dei bør få opphald i Noreg, må bli avgjort av Utlendingsnemnda.»

Justisminister Emilie Mehl (Sp)

Det siste halvåret har det vore store protestar i Iran.

Sjølv om tusenvis av menneske har blitt fengsla og hundrevis har blitt avretta, har ikkje Utlendingsnemnda snudd så langt.

Nemnda seier dei følger tett med på det som skjer i Iran.

Men terskelen er høg for å gi asyl basert på sikkerheits­situasjonen i eit land.

Derfor skal det vere trygt for dei 23 kvinnene å returnere.

«UNE meiner at den generelle sikkerheits­situasjonen ikkje er til hinder for retur til Iran. »

Utlendingsnemnda

Vurderingane blir basert på «ei rekke kjelder», Landinfo og den norske ambassaden i Teheran.

I tillegg gjer dei individuelle vurderingar i kvar sak.

«Awa fekk avslag fordi forklaringa hennar var prega av motstridande opplysningar, og at ho hadde tilpassa forklaringa undervegs. »

Terje Østraat, einingsleiar

«Forklaringa samsvara heller ikkje med gjeldande land­informasjon om tvangsekteskap i Iran. »

Terje Østraat, einingsleiar

Kvardagen i uvisse er vanskeleg, men Awa gir ikkje opp håpet.

Ho har søkt om omgjering av asylsøknaden på ny, på eiga hand.

Nemda seier saka vil bli vurdert ut frå oppdatert informasjon om Iran.

«Eg ser sol. Eg ser håp. Framtida er lys»

Awa Rahimpour

Journalistar

Silje Rognsvåg og Maja Mathilde Aarbakke

Foto

Olav Røli, Silje Rognsvåg, Maja Mathilde Aarbakke, NTB/REUTERS/AFP/AP, Privat, Lemet Johanas Nystad, Gisle Jørgensen og Kristoffer Steffensen Lenes

Reportasjeleiar

Terje Gilleshammer
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal