Hopp til innhold

Kampen då nesten alle vart skadde

Sjeldan har duellane på Fosshaugane vore tøffare. Det som skulle vere ein kamp for moro enda med både avriven akilles, brotne ribbein og strekkskadar.

Prestisjekampen som Sogn Avis skriv om torsdag har blitt ein snakkis.

Oppgjeret mellom to leirar i skimiljøet i Sogndal var nemleg av det brutale slaget. Verken Bratt moro-laget eller SGNskis-laget kan skuldast for å spare på krutet.

– Eg kosa meg der eg sat, og var forferdeleg glad eg ikkje var med ute på bana.

– Måla var ikkje det viktigaste. Den store underhaldninga for oss som såg på var alle skadane, humrar NRK sin fotballkommentator Arve Uglum.

Overgår alt han har sett før

Han har sett og kommentert tallause fotballkampar, men den han fekk med seg i går er ein han seint vil gløyme.

Dei unge karane som har utvikla sitt eige skimerke SGNskis hadde tromma saman mange av sine testkøyrarar, medan festivalen Bratt Moro hadde lokka med seg fleire tidlegare Sogndal-spelarar. Blant dei både Håvard Flo og Eirik Bakke.

– Eg hadde mange fleire gode opplevingar under denne kampen enn eg har når eg ser ein kamp lenger nede i systemet, flirer Uglum.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tor Yttri måtte ut med skade midtvegs i andre omgang

TIL SJUKEHUS: Tor Yttri måtte ta turen til sjukehuset i Førde etter kampen.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Eg var sint som ei fele

Festivalleiar Tor Yttri i Bratt Moro er blant dei som bokstavleg talt får føle kampen på kroppen ei stund framover. Han vart illsint på det han trudde var eit angrep frå ein motspelar då han høyrde det small i hælen.

– Eg trudde eg fekk eit frustrert spark i hælen av ein på det andre laget. Om eg merka at forma ikkje er den same, så er iallfall temperaturen til stades, ler Yttri når han fortel om episoden til NRK.no.

Men det var ikkje motspelarar i nærleiken då han gjekk i bakken.

– Eg var sint som ei fele på han eg trudde hadde sparka meg, for det small slik i hælen. Men det visste seg etterpå at det ikkje hadde vore nokon i nærleiken av meg, ler han.

Men ingen trudde han...

Det var akillesen til Yttri som rauk. Ifølgje Sogn Avis skal smellen ha vore så høg at det gjekk kaldt nedover ryggen til dei vel 100 som hadde møtt opp for å få med seg kampen.

– Det var truleg den eksplosive muskulaturen min som gjorde til at sena gav etter, seier ein lattermild Yttri til NRK.no.

– Det som var morosamt var at det ikkje var nokon som trudde at han var skadd. Ikkje før han prøvde kome seg på beina att for tredje gong forstod folk at det var meir enn berre ablegøyer, ler Uglum.

Til alt hell var både fysioterapeut og lege til stades, og Yttri fekk både trøst og pleie.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tøffe duellar i oppgjeret mellom Bratt Moro-gjengen og SGNskis-laget

DUELLAR: Det var ingenting å seie på innsatsen frå spelarane.

Foto: Nesbø/ Wathne Bøyum/Talle

Mange ut med skade

No kan han le av det som skjedde, men då det stod på var han alt anna enn lattermild. Han trudde som sagt at det var ein motspelar som hadde sparka til han.

– Eg fekk heldigvis ordna opp i det, og teke han i handa. Men han berre lo av meg, og då vart eg berre endå sintare. For han trudde eg dreiv skodespel. Men det er ikkje slikt ein gjer på fotballbana, flirer Yttri.

Medan Yttri måtte ta turen til sjukehuset i Førde og no må gå på krykkjer i fleire veker, var det også mange andre som gjekk frå kampen med skader.

Roar Erlandsen skal ha brote tre ribbein ifølgje Sogn Avis, medan to mann måtte ut med strekkskadar og ei rekkje andre fekk krampe.

Klar for ny kamp neste år

NRK sin fotballkommentator Arve Uglum håpar kampen blir ein tradisjon.

– Det vart vel eit slags krav om at dette må skje kvart år. Det innfridde. Vi som var på tribunen var samde om at vi ville komme tilbake neste år, seier Uglum.

Yttri har alt får merke at ein kvardag på krykkjer ikkje passar han heilt.

– Eg har ramla nokre gonger, så eg må øve meg litt. Men eg er flink til å dirigere andre, så eg har allereie fått øve meg på å peike med krykkjene.

– Kjem du attende neste år?

– Ja, om ikkje har ikkje laget vårt ein sjanse mot dei spreke karane i SGNskis.

– Eg må nett nemne at vi leia med tre mål då eg vart skadd, og det vart 3–2 til slutt. Heldigvis greidde vi å berge det i land.

Tøffe duellar i kampen mellom Bratt Moro-gjengen og SGNskis-laget

SKADER: Det vart mange som måtte kaste inn handkledet i løpet av kampen.

Foto: Nesbø/ Wathne Bøyum/Talle