Hopp til innhold

Kamp om vinterutstyret: Åse får ikkje tak i skøyter til barnebarna

FØRDE/SOGNDAL (NRK): Plutseleg kom vinteren og butikkhyllene nærmar seg tomme for ski, skøyter og snøskuffer. Virke kallar det eit «etterspurnadssjokk».

Åse leitar etter skøyter til barnebarnet

PÅ JAKT: Åse Flugheim er innom sportsforhandlar Erling Fardal i Sogndal for å handle skøyter. Det viste seg å vera vanskeleg.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg er på jakt etter skøyter til barnebarna mine. Eg har leita etter skøyter i fleire butikkar og kika etter brukte på nettet, men alt er vekk, seier Åse Flugheim i Sogndal.

Med den kalde og kvite starten på året vil «alle» ut på tur. Det merkar dei som sel utstyr, og no er mange butikkhyller snart tomme.

Trenden er lik landet over, ifølge Virke. Dei kallar det eit «etterspurnadssjokk».

– Det er eit sjokk som kjem når vinteren legg seg fint. Det er veldig mange som skal ha dei same varene samtidig, og nokre varer kan då bli utseld. Særleg akebrett og skøyter er populært, seier bransjedirektør Bror William Stende i Virke.

Bror William Stende i Virke

VIRKE: Bror William Stende, bransjedirektør i interesseorganisasjonen Virke.

Foto: John-André Samuelsen / NRK

Populært med skøyter

Stengde treningssenter, stengde skular og barnehagar skapar meir uteaktivitet.

– Folk trekker ut i skog og mark, så koronaen må nok ta litt av skulda for dette.

Skøyter er blant dei mest ettertrakta varene for tida, skal ein tru sportsforhandlar Erling Fardal i Sogndal.

– Det er is på vatna, og folk lagar eigne skøytebaner. Men vi har ikkje skøyter til alle. Dei vi fekk inn i år var vekke før vi fekk sukk for oss, seier han.

Fardal fortel at skøyter før vart kjøpt som julegåver. Slik er det ikkje lenger.

– Folk kjem og handlar det dei har brukt for når dei har bruk for det, seier han.

Hjå Din Sport i Førde merkar dei at alle vil på tur. Dei har klart få tak i varer, men no merkar dei at det er tynt i rekkene.

– Det er begynt å bli skrøpeleg på lagera, seier medeigar Sandra Cathrin Hatlestad Hove.

Kamp om utstyret

Men snø betyr ikkje berre vinterleik, ski og skøyter – mange må også ut å måke.

På Flatraket kom det 40 cm med nysnø over natta denne veka. Då måtte Aleksander Blålid ta beina fatt for å kome seg på jobb, 24 kilometer unna.

– No skal folk ha snøskuffe, spader, fresarar, strøsand, salt og alt det som høyrer med, fortel varehussjef Rune Øksenberg ved Coop Obs i Førde.

– Vi har litt problem med å ta unna. Det er stor pågang i heile landet og leverandørane er framleis råka av korona.

Snart er butikken tomme for snøblåsarar og snøskuffer. Enn så lenge er det framleis mogleg å få tak i utstyr.

Vinteren blir verande ei stund til, men ver forsiktig dersom du legg ut på tur i fjella. No er det nemleg betydeleg skredfare.