Åse Øiaas seier det var frykteleg å miste oljemåleriet, og håpar at den anonyme mannen som har kjøpt biletet vil kontakte henne.
Arvegods
Åse Øiaas fekk hand om Astrupbiletet gjennom eit arveskifte i 1980. Før det hadde det hengt på Havikbotn pensjonat i Florø i mange år. 28. august i fjor hadde ho biletet med på nattbussen til Trondheim. På stasjonen sette 68-åringen frå seg bagasjen for å finne ein drosje, og dermed forsvann biletet.
Selt på auksjon
No har det altså dukka opp att. Biletet vart funne i ei trondheimsgate og levert inn til politiet. Ein jølstring kjøpte det for 1.500 kroner på hittegodsauksjon - og Øiaas seier ho ikkje har gitt opp håpet om å få det tilbake.
Øiaas seier ho trudde måleriet var blitt øydelagt av nokre ungdomar, og angrar bittert på at ho aldri melde det stole til politiet.