Hopp til innhold

Kameratane vil ha tilbake den gamle kommunen sin

Innbyggjarane i Kinn er i full sving med å røyste over framtida til kommunen. Men korleis folkerøystinga skal tolkast, er framleis i det blå.

T.V: Kristoffer Blålid, Viktor Bibbi, Sander Refsnes(t.h)

VIL SPLITTE: Tenåringane Kristoffer Blålid (til venstre), Viktor Bibbi og Sander Refsnes, håper det går mot reversering av Kinn kommune.

Foto: Bård Siem / NRK

Gjennom dei to siste vekene har innbyggjarane i Kinn gått til valurnene for å seie sitt om ei særs betent og omdiskutert sak:

Skal Kinn splittast og gå tilbake til dei gamle kommunane Vågsøy og Flora, eller skal kystkommunen halde fram som no?

I gamle Vågsøy kommune, er dei tre jamaldrande kompisane Kristoffer Blålid (14), Victor Bibby og Sander Refsnes klare i si sak.

Dei meiner gamlekommunane bør «skiljast» etter knappe tre års «ekteskap».

– Det godt kan bli slutt på Kinn, seier Blålid (14).

Så langt har det tikka inn ei rekkje røyster under førehandsrøystinga.

Les også Kystkommune kan bli splitta igjen - Staten førebudd på å ta delar av rekninga

Kart over Kinn kommune

Sjølv om valdagen er knappe to veker unna, er det enno ikkje klart korleis folkerøystinga skal vektleggast.

Dei politiske partia har ulike syn, og mange er forvirra.

Skal alle røyster telje likt? Er det nok at ein av partane vil ut av «giftarmålet»?

Unge vaksne minst gira

Folket er splitta i synet på ei eventuell reversering.

For samanslåinga har vore alt annan enn problemfritt.

Mange i Vågsøy var i utgangspunktet imot å gå saman med storebror Flora, som har dobbelt så mange innbyggjarar.

Kinn kommune

1. januar blei Flora og Vågsøy smidd i hymens lenkjer og blei til Kinn kommune. Men no kan det gå mot splitting.

Stemninga har heller ikkje blitt særleg lystigare sidan. Diskusjonen har gått høglydt om partane skal gå kvar til sitt.

Ei spørjeundersøking Firdaposten og Fjordenes Tidende nyleg gjorde, viste at unge vaksne mellom 18 og 29 år er minst gira på at kystkommunen skal halde fram.

Vanskeleg for politikarane

Men Kinn er langt frå einaste storkommune som slit med å finne fred.

I ei rådgjevande folkerøysting i gamle Haram kommune røysta fleirtalet for å skilje seg frå storkommunen Ålesund.

På Sørlandet vil Søgne og Songdalen ut av storkommunen Kristiansand. Også her blir det folkerøysting.

Langs med folkerøystinga i Kinn, er det også folkemøte.

Les også Celine og Hanna håper «Noregs raraste kommune» er historie

ddd

Tysdag kveld i gamle Vågsøy kommune. Måndag i tidlegare Flora kommune.

Elna Berge var blant dei som ville ha svar på sine spørsmål:

– Dersom resultatet blir veldig jamt, kva gjer politikarane då? Eller kva om det blir veldig ulikt resultat i gamle Vågsøy og gamle Flora, korleis vil de tolke det resultatet?

Få av partia gav tydelege svar.

– Det hadde vore kjekt for oss veljarane om resultatet var klart i forkant, seier Berge.

Kommuneforskar Yngve Flo seier veljarane oftast veit mest mogleg om følgjene av valet sitt, og kva partia meiner, før dei går til røysteboksen.

Kommuneforsker Yngve Flo ved Norce

Yngve Flo er kommuneforskar ved Norce.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Han ser derimot at fleire variablar kan telje inn når resultatet er klart, som valdeltakinga og om det er veldig ulike meiningar dei ulike stadane. At det er dobbelt så mange innbyggjarar i Flora som i Vågsøy, er også ei problemstilling.

Trur folket blir lytta til

Sjølv om florakvinna Berge ikkje fekk tydelege svar på korleis politikarane vil vekte røysta hennar, var dei folkevalde klarare i talen under folkemøtet i Måløy.

Under folkemøtet på Raudeberg i gamle Vågsøy kommune, var det høg temperatur.

Særleg i gamle Vågsøy kommune har debatten herja om dei skal halde fram i Kinn kommune. Temperaturen var høg under tysdagens folkemøte på Raudeberg.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Raudt, SV og Sp meiner det er nok med fleirtal for oppløysing i ein av dei gamle kommunane. Ap og Venstre meiner resultatet i heile kommunen må vere avgjerande.

Høgre er delt på midten. Høgre-nestor Vidar Grønnevik skuldar meiningsmotstandarar om å ha ein «våt draum om eit totalitært regime». Dei meiner det er nok med fleirtal i ein av dei gamle kommunane for å løyse opp storkommunen.

Kommuneforskar Flo trur at det skal mykje til for at politikarane ikkje lyttar til folkerøystinga når avgjer vegen vidare.

Kommunestyret avgjer

1. september seier innbyggjarane i Kinn seie sitt gjennom folkerøystinga. Veka etter avgjer kommunestyret saka.

Sjølv om ungdommane NRK møter på gata i Måløy ikkje har høve til å røyste, har dei klare meiningar om vegen vidare for kommunen sin.

– Eg trur det hadde vore bra for Måløy om det blei ei oppløysing, seier Bibby.

Går dei folkevalde for å søkje om deling, tek Kongen i statsråd endeleg avgjerd 1. desember. Ei eventuell deling blir først endeleg 1. januar 2024.