Hopp til innhold

Kallar tilbake tre tonn laks etter funn av farleg bakterie

Oppdrettsselskapet Bremnes Seashore kallar tilbake tre parti med laks etter funn av listeria-bakterie.

Salma-laks i butikk

SALMA: Tre tonn Salma-laks blir kalt tilbake av Bremnes Seashore.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Bremnes Seashore har fått påvist bakterien listeria monocytogenes på ein laksefilet. Laksen blei slakta 3. oktober. Dei ber no alle kundar som har kjøpt produkt som blei slakta den dagen om å kaste maten.

Dette gjeld laks med produktnamnet «Salma» med partinummer 122324 og 221253. I tillegg gjeld det «Salma Smoked» med partinummer 221252.

Rå fisk, ofte brukt i sushi, blir seld og marknadsført gjennom produktnamnet Salma.

3,6 tonn laks blei produsert på slaktedagen. Av desse er i underkant av tre tonn nådd butikkane, seier Simon Nesse Økland, utviklingssjef i Bremnes Seashore.

Bremnes Seashore på Bømlo

SLAKTERI: Det blei funne listeria på ein laksefilet. Funnet blei gjort på ein rutinesjekk av produktet, opplyser utviklingssjefen i selskapet.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

I sal i heile landet

Fisken har vore i sal i butikkar frå i går, måndag 7. oktober. I éin butikk, Obs i Haugesund, har fisken vore i sal sidan fredag 4. oktober.

Bremnes Seashore distribuerer for det meste innanlandsk, men har òg eksport til utlandet.

Bakterien blei oppdaga under ein rutinekontroll.

– På våre daglege testar av produkta våre, fann vi bakterien på eit lakseprodukt frå produksjonsdagen.

– Korleis hamnar denne bakterien i fisken?

– Den finst naturleg i miljøet, og kan finnast i eit produksjonsmiljø i ei næringsmiddelbedrift. Den kan hamna på produkt, og derfor har vi eit omfattande prøvetakingsregime for å teste dette, seier Økland.

Alvorleg sjukdom

Bakterien Listeria monocytogenes kan forårsake listeriose, ein sjukdom som kan vere alvorleg for folk med nedsett immunforsvar, ifølgje Folkehelseinstituttet. Dette kan gjelde fostre, nyfødde, eldre og immunsvekka personar.

For friske folk kan sjukdommen gi influensaliknande symptom.

Folkehelseinstituttet skriv at det er generelt lite av bakterien i norske råvarer.

– Det må særs mange bakteriar til for å gjera friske folk sjuke, så det er gjerne personar som har nedsett immunforsvar, mellom anna gravide, eldre og nyfødde, som kan få alvorleg sjukdom frå listeria, skriv Bremnes Seashore i ei pressemelding.