Kallar rømming miljøkrim: – Dei må ta ansvar

I fjor rømde over 300.000 oppdrettslaks. No krev fiskeriministeren handling frå næringa og kallar det miljøkriminalitet.

Harald Tom Nesvik

KREV BETRING: Fiskeriminister Harald Tom Nesvik håpar å få gjennomslag på tiltak som vil redusere antall rømming av oppdrettslaks. Samstundes meinar han næringa sjølv må stå meir til ansvar.

Foto: NFD

– Det er tydeleg at selskapa kan verte betre på å sørge for sikker drift, seier Fiskeri- og sjømatsminister Harald Tom Nesvik.

2019 vart på mange måtar eit trøblete år for oppdrettsnæringa. Dette var det verste rømmingsåret på åtte år for oppdrettslaksen.

Tala fekk mellom anna ivrige laksefiskarar til å reagere.

Med tala friskt i minne, håpar Nesvik at selskapa no gjer det dei kan for å gjere industrien mindre sårbar framover. Men ikkje alle er einige i den vurderinga.

– Det er faktisk regjeringa sitt ansvar, seier Espen Farstad i Jeger- og Fiskeforbundet (NJFF).

Tre oppdrettslaks som vart harpunerte i Lærdalselva.

OPPDRETTSLAKS: Det vart fiska mange av laksar som dette i norske elvar i fjor. Dette biletet syner rømd oppdrettslaks som vart fiska opp att i Lærdalselva.

Foto: Lærdal Elveeigarlag

Forventar betring

Sjølv om ei enkelthending i Troms, der 200.000 lakseyngel stakk av, drog betrakteleg opp snittet for 2019 , så er ikkje Nesvik nøgd før han ser tydelege forbetringar og sikrare drift i åra framover.

– Eg forventar at næringa tar lærdom. Næringa sitt omdømme er betydeleg svekka som følgje av all rømminga, seier han.

– Tala me ser er ikkje gode nok. Difor jobbar me med nye tiltak som vil bli sendt på høyring når forslaga er ferdig vurdert.

Fleire selskap har allereie sett i gang tiltak for å gjere drifta sikrare i framtida. I Hordaland kunne ein denne veka lese om eit oppdrettsanlegg som har sett i verk ein ny ubåt-teknologi for å hindre fleire lakserømmingar. I tillegg ønsker Havforskningsinstituttet å kutte ned ein tredel av anlegga, for å effektivisere drifta og betre forholda for laksen sjølv.

Miniubåt

BORER DJUPT: Fjernstyrte miniubåtar skal hjelpe oppdrettsnæringa i å hindre lakserømming i Hardangerfjorden. Aldri før har nokon bora djupare for å sikre eit oppdrettsanlegg.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Me veit at halvparten av rømmingshendingane skjer under driftsoperasjonar. Difor er det er bra at selskapa prøver ut ny teknologi som kan bidra til sikrare løysingar, seier Nesvik.

Open for endringar

På anlegget til Slakteriet Brekke forsvann kring 17.000. laksar i fjor. Dagleg leiar Knut Strømnes fortel at slakteriet har måtte imøtekome ein rekke tiltak som Fiskeridirektoratet har pålagt dei i etterkant. Han trur det berre er starten.

– Det er nasjonalt sagt at man skal iverksette tiltak for å redusere rømming for oppdrettsfisk, og det vert nok eit lovverk.

– Dersom ein bestemmer seg å gjere ting på ei anna måte, må vi ta henysn til det, seier han.

Harpunfiske i Årøyelva

HARPUNFISKE: Fiskeridirektoratet krevde at eit titalls elvar skulle verte reinska for oppdrettslaks, som følgje av lakserømmingar i fjor haust. Dette for å hindre gyting med villaks-stammane som held til i elvane.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Strømnes er sjølv klar på at dei ikkje har gjort noko i ulovleg, og at så lenge det er tillatt å drive næringa slik dei gjer, så ser han ikkje noko grunn til å endre på for mykje. Likevel er han klar på at bedrifta ønsker å gjere det dei kan for å få slutt på rømmingane.

– At det skal reduserast er av alle si interesse.

– Berre snakk

Ein av dei som ikkje har like mykje trua på fiskeriministeren er Informasjonssjef Espen Farstad i NJFF.

– Det er godt at Nesvik er bekymra, for det har me vore i 20 år. Kvar gong me høyrer at det vert jobba med så skjer det likevel ingenting. Det må verte strengare oppfølging, seier han.

Espen Farstad

KRITISK: Espen Farstad i Fiske- og jegerforbundet er lei av løftene til politikarar. Han forventar konkrete tiltak frå fiskeriministeren.

Foto: NRK

Er det berre prat frå fiskeriministeren si side?

– Han gjekk jo ganske kraftig ut og bedømmer dette som miljøkriminalitet og det er heil rett. Men i motsetning til han, så har me ikkje dei politiske midlane. Dei er det nettopp Nesvik som er ansvarleg for.

Farstad er ikkje einig i at næringa skal sjølv gå fram og sjå på innovative løysingar for å hindre rømminga. Han meiner det først og fremst må verte lovpålagt av regjeringa, dersom ei reell endring skal skje.

– Nei det har eg lite tru på. Her må det pressast fram eit regime som gjer at dei driv dette på ein miljømessig berekraftig måte, for det gjer dei faktisk ikkje i dag.