MDG-politikar meiner det er ei god nyheit at julehandelen er i fare

Fraktprisane frå Asia har gått i vêret og butikkeigarar åtvarar om «tomme butikkhyller» til jul. – Flott, seier MDG-politikar Marius Dalin.

Julehandel i Oslo

JULEHANDEL: Mange hastar rundt i desember for å handle julegåver for fleire tusen kroner.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Tidlegare i oktober melde NRK at «julehandelen er i fare».

Bakgrunnen var at fraktprisane frå Asia har auka kraftig dei siste månadane. I slutten av september kosta det 3900 dollar å frakte ein container frå Kina til USA. Ein tredobling på eitt år.

Butikkeigarar har difor åtvara om «tomme lager og butikkhyller».

Marius Dalin på landsmøte

NØGD: Marius Dalin i Miljøpartiet dei Grøne (MDG).

Foto: Privat

Men ikkje alle fortvilar. «Flott», seier Marius Dalin, formannskapsmedlem for MDG i Sunnfjord kommune.

– Det er flott om vi kjøper færre ting til jul! Vi som forbrukarar bidrar til å halde oppe eit forbruksmønster som ikkje er berekraftig, seier han.

For to år sidan forfatta partiet ein resolusjon mot «det auka kommersielle presset i opptakten til jula».

– Ei enorm sløsing av ressursar

Han får støtte frå Hege Lothe, leier i Vestland SV.

– Eg tenkjer det kan vere ein fordel om dette fører til mindre forskjellar i utstyr og påkleding på skuleplassen eller idrettshallen etter julefeiringa, seier ho.

Hege Lothe

– EIN FORDEL: Hege Lothe, leiar i Vestland SV.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Ho legg til at det er «like viktig som før å bruke pengane lokalt».

LES OGSÅ: Oppfordrar til tidleg julehandel for å unngå koronasmitte

Anja Bakken Riise er leiar for Fremtiden i våre hender. Ho håpar «annleis-jula» får folk til å tenke meir miljøvenleg og kortreist når årets julepakkar skal i boks.

– Viss det er eit år du bør gje nokon ei fin oppleving, så er det i år.

Ho legg til:

– Det blir handla inn mykje greier til jul, som vi ender opp med å ikkje bruke. Det er ei enorm sløsing av ressursar.

Anja Bakken Riise, leder Fremtiden i våre hender

OPPLEVING: Leiar for Fremtiden i våre hender, Anja Bakken Riise, ber deg om å legge ei oppleving under årets juletre.

Foto: Fremtiden i våre hender

6570 kroner på julegåver

I fjor planla gjennomsnittsnordmannen å bruke 6570 kroner på julegåver, ei auke på 400 kroner samanlikna med året før. Besteforeldre brukte enda meir – 9369 kroner i snitt, ifølge DNBs forbrukarbarometer.

Problemet med jula er at vi kjøper store og dyre ting som vi strengt tatt ikkje har bruk for, seier Odd Bovim, jurist og gruppeleiar for MDG Kinn.

I likskap med Bakken Riise tek han til orde for å kjøpe julegåver som «teaterbillettar, køyretimar, restaurantbesøk og liknande».

– Dette er både ein mindre klimabelastning, og ei betre linje for lokalt tenesteytande næringsliv.

Ber deg om å handle

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) ber nordmenn om å handle julegåver som før.

– Det er viktig at folk gjer som før, og bidrege til å halde butikkane våre over heile landet opne. Vi må halde hjula i gang for å sikre at bedriftene kjem seg gjennom denne krisa, seier fungerande regiondirektør i NHO Vestlandet, Grete Karin Berg.

Ho meiner julehandelen er viktig for arbeidsplassar over heile landet.

– Vi må skape jobbar og sikre at folk har ein jobb å gå til, så både vi og Fremtiden i våre hender er einige om at vi må bruke næringane våre, seier Berg.

Grete Karin Berg, NHO Vestland

VIKTIG HANDEL: Grete Karin Berg, som er fungerande regiondirektør i NHO Vestland, meiner julehandelen kan vere med på å halde hjula i gang.

Foto: NHO