Dommar Carl Petter Martinsen Foto: Cosmin Cosma, NRK
Dommaren var ikkje nøgd med at det ikkje var ført vitne som budde nær Hedda. Difor spurde han ut i salen om det var noko til stades som budde nær den drepne 19-åringen på Sogndal folkehøgskule. Då melde Elin Røse seg, ho fortalde at ho budde på naborommet til Hedda.
- Høyrde ikkje noko
Ho fortalde at ho var heime denne kvelden, og la seg rundt midnatt. Siste gongen ho såg på klokka var ho omlag 00.30. Ho kunne ikkje hugse at ho har høyrt noko, og ho sov til ho vakna om morgonen.
- Tvilte på at Hashin hadde vore på besøk
Ho sa elles at ho tvilte på at Hashin hadde vore med Hedda på rommet hennar fire-fem gonger, slik han sjølv forklarte. - Teoretisk sett kan det ha vore høgst ein til to gonger, og eg trur bestemt at Hedda ville ha fortalt meg det om det om ho hadde nokon med seg. Ho var typen som ville ha fortalt slikt, sa Elin Røse. På spørsmål stadfesta ho atHedda Karterudseter likte mørke menn.